Foto av Kristin Sønnerheim som nettopp har fått fylkeskulturprisen 2017. Ho held diplomet og ein blomsterbukett i hendene og er flankert av fylkesordførar Jenny Følling og leiar for hovudutval for næring og kultur, Karen Marie Hjelmeseter.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Føreslå kandidatar til fylkeskulturprisen 2018

Kjenner du nokon som fortener ekstra merksemd for kulturinnsatsen sin, som du rett og slett meiner burde få fylkeskulturprisen 2018? No ynskjer fylkeskommunen framlegg til kandidatar.

Prisen har tidlegare gått til mellom andre Malakoff Rockfestival, Oddbjørn Hjelmeset og Dans uten grenser.

Kriterium

Prisen går til einskildpersonar, lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane. Prisvinnaren må ha vist evne og vilje til å yte aktiv kulturinnsats utover det vanlege, ha talent eller vise kreativitet og evne til nyskaping.

Prisen er på 50 000 kr og eit diplom. Utdelinga skjer i samband med fylkestinget i desember. I fjor gjekk prisen til Kristin Sønnerheim for arbeidet med å gjere Aurlandsdalen tilgjengeleg for ålmenta.

Årets pris vert delt ut på fylkestinget i desember.

Fylkeskommunen har delt ut fylkeskulturprisen sidan 1980. Målet er å hjelpe fram kulturarbeidet i Sogn og Fjordane, og å inspirere til å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket.

Fristen for å nominere kandidatar er 15. oktober 2018

Les meir om fylkeskulturprisen, sjå oversikt over tidlegare vinnarar og send inn forslag til kandidatar.

Du kan også sende inn forslag til kandidat til post@sfj.no.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Eva Kristin Svidal
rådgjevar
eva.kristin.svidal@sfj.no
911 69 693

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00