Foto av ein delegasjon frå Sogn og Fjordane i møte med justis- og beredskapsministeren. Frå venstre: Harald Offerdal, Jenny Følling, Per-Willy Amundsen, Frode Kyrkjebø, Britt Dalsbotten, Frida Melvær.

F.v. styreleiar i KS Sogn og Fjordane, Harald Offerdal, fylkesordførar Jenny Følling, justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen, dagleg leiar i KS Sogn og Fjordane Frode Kyrkjebø, politisk rådgjevar Britt Dalsbotten, stortingsrepresentant Frida Melvær.

Fekk klarsignal for barnehus i Sogn og Fjordane

Fylkesordførar Jenny Følling og fylkesleiar i KS, Harald Offerdal, møtte justis- og beredskapsminister Per-Willy Amundsen i Oslo i dag og fekk i møtet klarsignal for at det skal opprettast ei barnehusavdeling i Førde.

– Vi har arbeidd i fleire år for å få dette til, og det er stor semje om at vi treng ei slik barnehusavdeling i Sogn og Fjordane. No kjem endeleg startskotet. Det er svært gledeleg for oss som har jobba for dette, og ikkje minst for dei borna som no slepp lange reiser utanfor fylket når dei alt er i ein sårbar og vanskeleg situasjon, seier fylkesordførar Jenny Følling.

I møtet med ministeren vart det klart at det om kort tid vil komme eit oppdragsbrev som vert det formelle startssignalet for ei eiga barnehusavdeling i Førde. I statsbudsjettet for 2018 kom det ei tildeling på to millionar kroner, og dagens møte var ein viktig milepæl vidare i prosessen.

Breitt samarbeid gir resultat

Born og unge i Sogn og Fjordane må no reise til Bergen for å nytte tilboda eit barnehus kan gje. Blant dei som har jobba for eit barnehus i Sogn og Fjordane er KS og kommunane, Sunnfjord og Ytre Sogn Interkommunale legevakt (SYS IKL), fylkeskommunen, Helse Førde, Politi Vest og Statens Barnehus i Bergen.

Saman har dei arbeidd godt og lenge for å få til eit eige tilbod i Sogn og Fjordane. Dei er samde om at det er eit stort behov for å legge til rette for at avhøyr og rettsmedisinske undersøkingar av born som er utsette for overgrep kan skje i Sogn og Fjordane. Saka har brei tilslutning frå politiske, administrative og faglege miljø.  

Rettstryggleik for born

– Born og unge i Sogn og Fjordane har rett til den same rettstryggleiken som andre born, utan større belastning enn andre. Lange reiser til barnehus utanfor fylket skaper unødig uro og meirbelastning i ein allereie sterkt belastande situasjon for ei sårbar gruppe, seier Harald Offerdal og Frode Kyrkjebø i KS, på vegne av kommunane i fylket.

Neste steg i arbeidet er eit møte hjå Vest politidistrikt 16. januar i Førde. Då inviterer leiar for Barnehuset i Vest, Kristin K. Fjell, og leiar for politiet i Vest, avdeling Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, til møte med både politisk nivå og ulike fagmiljø. Tema for møtet vert status i arbeidet, faglege vurderingar av den vidare prosessen, etablering av ei arbeidsgruppe/prosjektgruppe og framdrift i arbeidet.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no 
479 05 990

Harald Offerdal
leiar KS Sogn og Fjordane
907 94 526
harald.offerdal@sfj.no

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Kontaktinfo

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Åshild Kjelsnes
fylkesvaraordførar
ashild.kjelsnes@sfj.no
918 88 568

Kristin Rundsveen
rådgjevar for fylkesordføraren
kristin.rundsveen@sfj.no
908 90 713