Foto av Kongevegen over Filefjell, med den raude logoen til Europa Nostra oppe i høgre hjørne.

Foto: Ole Kristian Åset/Statens vegvesen

Europeisk kulturminnepris til Kongevegen

Kongevegen over Filefjell har fått EUs kulturminnepris/Europa Nostra-pris i kategorien Bevaring.

Dette er Europas mest prestisjetunge utmerking innafor kulturminnesektoren. Fylkesordførar Jenny Følling er stolt over at arbeidet med kulturarven i fylket vårt vert tildelt ei slik utmerking.

– Denne utmerkinga er ei stor verdsetjing av vårt felles arbeid for å styrke kulturarven som ressurs i lokalsamfunnsutviklinga. Vi er stolte over tildelinga, og gler oss saman med alle som i framtida skal få glede av dei gode vandreopplevingane, seier ho.

Høg kvalitet og stort lokalt engasjement

Juryen seier mellom anna dette om Kongevegen over Filefjell: 

«Dette kombinerte kultur- og landskapsprosjektet er av høgste kvalitet og har hatt stort fokus på best mogeleg praksis i gjennomføringa. Det er gjenoppliving av ei historisk rute og dei gløymde spora undervegs. Det er ikkje eit nybygg, men ei revitalisering av eit kulturminne som er nært knytt opp mot stader og folk undervegs, noko som igjen styrker den lokale økonomien og motiverer lokalsamfunnet til å setje pris på og ta vare på kulturarven deira».

Gledeleg å få ei slik utmerking

Samarbeidsprosjektet «Kongevegen over Filefjell» starta i 2009, og den nyrestaurerte kongevegen vart formelt opna i august i 2016. Fylkeskommunen har vore tungt inne i prosjektet, og fylkeskonservator Eva Moberg er glad for merksemda den gamle vegen mellom aust og vest får.

– Det viser at målretta innsats med brei involvering, stor lokal oppslutning og høg fagleg standard, gjer at vi klarer å formidle kulturarven vår på ein måte som vert lagt merke til også utanfor Noregs grenser. Restaureringa og tilrettelegginga av Kongevegen handlar om å ta vare på eit unikt kulturminne og samstundes gjere det aktuelt for oppleving i dag. Dette er sjølve kjernen i samfunnsoppdraget som kulturminneforvaltninga alltid må strekke seg mot, seier ho.

Fylkeskonservatoren håpar utmerkinga kan få fleire til å sjå verdien av å ta vare på og utvikle kulturminneverdiane til glede for dagens og framtidas generasjoner.

Ei stor verdsetjing av det vi har fått til i fellesskap

Fylkesordførar Jenny Følling takkar alle samarbeidspartane som i mange år har jobba med restaurering og tilrettelegging av Kongevegen. Ho håpar mange tek seg tid til å oppleve Kongevegen.

– Ei vandring langs denne vegen byr på storslått natur, fantastiske byggverk og ei oppleving av unik norsk historie, frå Lærdal over Filefjellet og ned til Vang, som eg trur og håpar vil gje store opplevingar for store og små, frå inn- og utland i fleirfaldige år framover, seier ho.

Prisen vert delt ut i Turku i Finland den 15 mai.

Publikumspris – stem fram Kongevegen

EU kommisjonen/Europa Nostra deler ut EU Prize for Cultural Heritage / Europa Nostra Awards i heile 29 kategoriar. No legg dei opp til ein ny konkurranse mellom dei 29 prisvinnarane. Publikum kan gå inn på nettsida til Europa Nostra og stemme fram det prosjektet dei meiner fortener publikumsprisen.

– Vi oppmodar alle til å gå inn og stemme fram Kongevegen som vinnar av publikumsprisen. Dette er eit prosjekt som fortener all den merksemda det kan få, slår fylkeskonservator Eva Moberg fast.

Her kan du stemme fram vinnaren av publikumsprisen.

Meir om kongevegen over Filefjell.

Pressemelding frå EU Kommisjonen og Europa Nostra.

For meir informasjon

Jenny Følling
fylkesordførar
jenny.folling@sfj.no
479 05 990

Prosjektet «Kongevegen over Filefjell « starta i 2009 og har vore eit samarbeidsprosjekt mellom Statens Vegvesen, Oppland fylkeskommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Lærdal kommune, Vang kommune, Valdresmusea, Musea i Sogn og Fjordane, Statens Vegvenen,  Valdres natur- og kulturpark og  Bedriftsnettverket Kongevegen. Prosjektet har vore del av Riksantikvaren sitt verdiskapingsprogram på kulturminneområdet. Den nyrestaurerte Kongevegen vart formelt opna i august 2016. Kongevegen er også tildelt Vakre vegars pris i 2014.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Jan Heggheim

Jan Heggheim

fylkesdirektør for næring og kultur

jan.heggheim@sfj.no
905 66 623

 

Ingebjørg Erikstad 

assisterande fylkesdirektør for næring og kultur

ingebjorg.erikstad@sfj.no
415 30 941

Tilsette

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00