yrg 6lgh 2lm

Casper Helmark Andersen

Energibruk i bygg

TEMAMÅL: Sogn og Fjordane reduserer og effektiviserer energibruk i bygg

Ynskt effekt og resultatmål knytt til energibruk i bygg finn du i plandelen her.

Hovudutfordringa innan energibruk i bygg er å bidra til overgangen frå fossil til fornybar energi, og å energieffektivisere både i byggefasen og i driftsfasen. 

I Sogn og Fjordane er elektrisitet frå fornybar vasskraft allereie den dominerande energiberaren nytta i bygningar, men det er eit potensial med å erstatte energi frå fossile kjelder. 

Energibruk i bygg heng tett saman med bygningane sine areal. Fylket har mange arealkrevjande næringsbygg og vidare er mange av bustadane i fylket store og eldre einebustadar. Den mest klimavenlege energien er den som ikkje vert nytta. Difor er det viktig å sjå på korleis energien kan brukast meir effektivt og korleis energiforbruket kan reduserast.  

Energieffektivisering i eldre bygg er krevjande og kostbart. Fleire større energieffektiviseringstiltak er gjennomført, er under planlegging, eller under arbeid i på ulike plasser fylket. I nybygg er det generelt meir kostnadskrevjande å bygge verkeleg energieffektivt, men kostnad må vurderast i høve til bygget sin forventa levetid.   

Med utgangspunkt i status og utviklingstrekk har vi identifisert ei utfordring innan energibruk i bygg:

  • Kostnadskrevjande å sikre energieffektive bygg.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Plansjef

Plansjef Synnøve Stalheim portrett

Synnøve Stalheim

Synnove.Stalheim@sfj.no
57 63 81 13
478 97 260

Tilsette