v 2cv 3mqcvm

Stryn vidaregåande skule får éi ekstra gruppe på vg1 helse og oppvekst. Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Endeleg opplæringstilbod vedteke

Hovudutval for opplæring har avgjort kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp ved dei vidaregåande skulane til hausten.

Justering av opplæringstilbodet for skuleåret 2018–19 stod på agendaen då hovudutvalet møttest på Fylkeshuset i Leikanger 3. april. Utvalet justerte tilbodet som vart lyst ut i fjor haust, etter at søkjartala no er klare og ein ser kvar elevane i Sogn og Fjordane ønskjer skuleplass.

Meir informasjon om talet på søkjarar til dei ulike skulane og utdanningsprogramma finn du her.

Hovudutvalet for opplæring vedtok slike justeringar av det opphavleg utlyste tilbodet:

Dale vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 teknikk og industriell produksjon vert auka frå 1 til 2 grupper.
  • Vidaregåande trinn 2 industriteknologi vert ikkje sett i gang.

Flora vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 elenergi vert auka frå 1 til 2 grupper.

Mo og Øyrane vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 helse og oppvekst vert auka frå 3 til 4 grupper.

Måløy vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 naturbruk vert auka frå 1 til 1,5 grupper.
  • Vidaregåande trinn 2 plast og kompositt vert ikkje sett i gang.

Sogndal vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 kokk og servitør vert ikkje sett i gang.

Stryn vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 1 helse og oppvekst vert auka frå 1 til 2 grupper.
  • Vidaregåande trinn 2 helsearbeidar vert redusert frå 2 til 1 gruppe.
  • Vidaregåande trinn 2 byggteknikk vert redusert frå 2 til 1 gruppe.

Årdal vidaregåande skule

Det utlyste tilbodet ved vert endra slik:

  • Vidaregåande trinn 2 kjemiprosess vert ikkje sett i gang.

Hovudutvalet vedtok i tillegg følgjande merknad:

«Hovudutvalet ser det som viktig at det vert rekruttert lærlingar frå vg2 kjemiprosess ved Årdal VGS, og ber om at det vert laga eit tilbod til dei aktuelle søkjarane i samarbeid mellom skule og næringsliv. Det må opnast for å nytte noko av tilleggsressursen til dette, jfr omtale i saka.

Hovudutvalet syner til stort engasjement frå næringslivet for kjemiprosess-utdanninga, og føreset at næringslivet ut frå dette arbeider aktivt med å auke rekrutteringa til faget i åra framover.»

Ny vurdering neste år

Det at eit tilbod ikkje kjem i gang komande skuleår, tyder ikkje at det vert lagt ned. Hovudutvalet skal vurdere tilbodet på nytt når dei skal vedta opplæringstilbodet for skuleåret 2019–2020 i november. Dette er under føresetnad av at fellesnemnda for samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane gjer vedtak om separate budsjett og opplæringstilbod i dei to fylkeskommunane.

Det vert også sett av ressursar til at fylkesdirektøren for opplæring kan vedta å opprette ei ekstra gruppe etter første inntak, eller finne løysingar for auka plasstal i samband med inntaket.

Vedtaket i hovudutvalet var samrøystes. Saksdokumenta til saka finn du her.

For meir informasjon

Karianne Torvanger
leiar, hovudutval for opplæring
karianne.torvanger@sfj.no
996 06 484

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00