Nærbilde av svart tastatur med kvite bokstavar

Foto: Mikkel Rønne/Creative Commons

Elev-PC

Alle VG1-elevar skal stille med berbar datamaskin frå fyrste skuledag.
Sogn og Fjordane fylkeskommune gjev stønad til kjøp av berbar PC gjennom våre ordningar, til elevar som startar i VG1.

Alternativ 1

Du kan ta med ei berbar maskin du har frå før, eller kjøpa ei maskin sjølv:

Alle elevar får nytte MS Office og Ordnett gjennom våre avtalar, og elevane må ha maskin som kan køyre desse programma. Maskina må ha Windows eller OS X, samt antivirus installert. Chromebook og nettbrett med iOS, Android eller Windows RT kan du diverre ikkje nytta som elev-pc hjå oss. Vi tilrår også at maskinene har SSD-lagring.

Alternativ 2

Du kan kjøpe berbar datamaskin gjennom fylkeskommunal ordning for elev-pc.

Fylkeskommunen subsidierer då maskina slik at den vert rimelegare å kjøpe.

Klikk på overskriftene, eller scroll nedover for å lese alt om ordninga:

Kort om ordninga:

  • Du kjøper elev-pc gjennom eigen nettbutikk.
  • Du vel om du vil kjøpa grunnmodellen eller ein kraftigare modell (mot tillegg i prisen).
  • Du/føresette betaler via bank- eller kredittkort i nettbutikken.
  • Grunnmodellen kan du kjøpe på avbetaling over tre år. 1.avdrag lyt uansett betalast ved bestilling i nettbutikken.
  • Du får 300 kroner i rabatt på grunnmodellen dersom du betaler heile kjøpet ved bestilling.
  • Forsikring er ikkje inkludert! Du kan velje å kjøpe tre-årig forsikring som eit tilval i nettbutikken.
  • Du får tre års garanti på produktet du kjøper.
  • Levering heim til deg per post.
  • Skal du ha maskina innan skulestart lyt du bestille innan 8.juli 2016.
  • Du eig maskina og melder sjølv inn eventuelle førespurnader om service og support til leverandør.

Generell informasjon om ordninga

Sogn og Fjordane fylkeskommune har avtale med Atea om levering av berbar PC til elevar som startar i Vg1 i den offentlege skulen. Alle kjøp skjer gjennom ein eigen nettbutikk. Sogn og Fjordane fylkeskommune subsidierer kjøp gjennom ordninga. Ordninga sikrar at alle elevar skal få høve til å kjøpe ein PC (grunnmodellen i ordninga) til ein pris som tilsvarar tre gonger lågaste sats for utstyrsstipendet. Elevar kan også velje å kjøpe ein kraftigare subsidiert modell mot eit tillegg i prisen.

Du kan berre kjøpe éi maskin gjennom den fylkeskommunale ordninga. Dersom du tidlegare har gått på skule i Sogn og Fjordane fylkeskommune og har fått tilbod om kjøp av elevpc før vil du ikkje kunne nytte deg av ordninga ein gong til.

Fylkeskommunen kontrollerer bestillingane.

Dersom du ikkje byrjar i offentleg videregåande skule, eller dersom du kjøper fleire maskiner, vil ordren din bli avvist.

Bestillingsfrist og varighet for ordninga

For å få maskina til skulestart må du bestille innan 8.juli. Modellane i ordninga vert produsert på bestilling. Det er difor lengre leveringstid her enn om ein bestiller lagervare i andre nettbutikkar. Utsending av pc-ane startar 1.august.

Dersom du bestiller etter 8. juli, eller dersom du vel å ikkje nytte ordninga, er du og dine føresette ansvarlege for at du stiller med berbar datamaskin til første skuledag.

Dette er viktig då du skal registrera deg digitalt, laste ned programvare, og få opplæring i systema som skulen nyttar. Denne opplæringa skjer i all hovudsak dei første dagane i skuleåret.

Ordninga er tilgjengeleg heilt fram til 31. november 2016. Dette betyr at du kan starte skuleåret med ei maskin du har frå før, og heller nytte ordninga i løpet av hausten dersom du ser at maskina di ikkje er tilstrekkeleg.

Kostnader og stipend

Grunnmodellen i ordninga skal ikkje kosta meir enn lågaste sats for utstyrsstipend som elevar får frå lånekassen over tre år. Grunnmodellen vert difor i prinsippet kostnadsfri for alle elevar. Kommande skuleår er lågaste sats for utstyrsstipend 991 kroner. Prisen for grunnmodellen vert då 2973 kroner (om du vel å betale den over tre år). Den reelle kostnaden for maskina er høgare enn dette, men fylkeskommunen dekker resten. Om du vel å betale grunnmodellen i sin heilheit ved bestilling, får de 300 kroner i rabatt slik at den berre kostar 2673 kroner. 

Utstyrsstipendet må du søke om sjølv. Dette gjer du kvart skuleår på www.lanekassen.no.

Betaling

All bestilling skjer gjennom ein eigen nettbutikk, med sikker betaling via bankkort eller kredittkort. Snakk med banken om du er usikker på om kortet ditt er klart for netthandel.

Avbetaling

Det er berre grunnmodellen du kan kjøpe på avbetaling. Du betaler då første avdrag (991 kroner) ved bestilling på nettet, og får tilsendt faktura på dei to siste avdraga. Avdrag nummer to vert fakturert hausten 2017, og avdrag nummer tre vert fakturert hausten 2018.

Vi minner om at føresette er ansvarlege dersom avdrag to og tre ikkje vert betalt. Dette gjeld elevar som ikkje er myndige ved bestilling gjennom ordninga.

Den kraftigare modellen (ikkje grunnmodellen) må betalast ved bestilling i nettbutikken.

Levering

Maskina du bestiller vert sendt med Posten, og du kan hente den på næraste postkontor eller «Post i butikk». Adressa du registrerer i webportalen er den adressa maskina vert sendt til.

Du vil motta SMS som syner utleveringsstad når pakka er klar til henting. Nummeret du ynskjer å motta SMS-varsel på registrerer du i webportalen ved bestilling.

Utsending av pc-ane startar 1. august. 

Registrere bruker og handle i nettbutikken

For å kunne handle i nettbutikken må du registrere ein brukar. Dette gjer du eller dine føresette ved å gå til bestillingsportalen og klikke på «registrer»-knappen. Det er eleven sitt namn ein skal nytta ved registrering. Dette er viktig då alle bestillingar vert sjekka opp mot inntakslister og søkjarlister. Etter registrering kjem du rett inn i nettbutikken og kan gjennomføre handelen. 

Her kan du registrere deg og handle i nettbutikken.

Garanti og sikring mot hendelege uhell

Begge modellane i ordninga har tre års garanti. Forsikring er ikkje inkludert!

Du kan velje å kjøpe ei tre års sikring mot uhell når du bestiller i nettbutikken. (Brann og tjuveri er ikkje dekka. Det kan difor vere lurt å sjekke om dette vert dekka gjennom eigne private forsikringar).

Sogn og Fjordane fylkeskommune tilrår å kjøpe sikring i tillegg, eller passe på at du eller føresette har annan privat forsikring som kan dekke tap av, eller skader på, maskina kjøpt gjennom ordninga.

Du og dine føresette er ansvarlege for å skaffe ny maskin ved tap eller skade.

Pris på tilval om forsikring for dei ulike modellane:

  • Lenovo Thinkpad 13: tre års forsikring mot hendelege uhell kr 550
  • Lenovo Thinkpad T560: tre års forsikring mot hendelege uhell kr 550 

Support og service ved feil, skadar eller tap av maskina

Datamaskin kjøpt gjennom ordninga er eigd av deg som elev. Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina. Alle førespurnader om support, skadar og feilmeldingar skal meldast inn til Atea av elev eller føresett.

  • Førespurnad per telefon til Atea Service Bergen på telefonnummer 55 59 55 55
  • Førespurnad per e-post til Atea Service Bergen: elevsffk@atea.no

Atea vil gje deg attendemelding om motteken feilmelding per SMS eller på e-post.

Dersom Atea finn at maskina må sendast inn, har skulane øskjer og frankeringslappar for kostnadsfri innsending av maskina. På nokre skular er Atea tilstades ein dag per veke for å hente og å levere ut maskiner.

Atea Service Bergen er bemanna 08-16, måndag til fredag.
Adresse: Damsgårdsveien 131, 5150 Laksevåg

I tillegg til førstelinesupport, kan du også nytte produsentane sine supportsider til sjølvhjelp som i mange tilfelle kan gje deg den hjelpen du treng. Men hugs at eventuell feilmelding på maskina skal meldast til Atea.

Lenovo: http://support.lenovo.com/no/en?menu-id=lenovo-produkter# 

Modellutval, prisar og spesifikasjonar

Modellar og prisar for ordninga som gjeld for skuleåret 2016/2017 vert lagt ut 1.juni.

Ordninga tilbyr grunnmodellen Lenovo Thinkpad 13 og ein kraftigare Lenovo Thinkpad T560. Grunnmodellen er meir enn god nok for dei aller fleste.

Nokre av utdanningsprogramma krev Windows grunna lisensiert programvare som elevane treng. Har du lese og skrivevanskar kan det også hende at du treng Windows for å køyre ulike hjelpeprogram. Les difor her før du vel modell.

  • Modellane vert levert med Windows 10 Home 64bit
  • Begge modellane vert levert med raske solide ssd-diskar
  • Ingen modellar vert levert med optisk drev (cd-rom/dvd-rom)

Pris og teknisk spesifikasjon for dei ulike modellane ein kan velje mellom:

Lenovo Thinkpad 13 (grunnmodellen)

  • Pris 2673,- (eller 2973,- ved avbetaling)
  • Intel Core i3-6100U 2,3GHz, 4Gb RAM, 128Gb SSD, 13,3" HD Led-bakbelyst, Integrert Intel HD Graphics 4400, 1,45 kg

Lenovo Thinkpad T560 (Kraftig pc med større skjerm, men noko tyngre enn grunnmodellen)

  • Pris: 6490,-
  • Intel Core i5-6200U, 8Gb RAM, 128Gb SSD, 15,6" Full HD IPS, Dedikert grafikkort Nvidia GeForce 940MX 2GB, 2,22 kg

Bilete av modellane finn du i nettbutikken.

Viktig om val av maskin

Grunnmodellen kan nyttast på alle utdanningsprogramma (om ikkje anna er avtalt med skulen) og høver godt til dagleg skulebruk.

PC eller Mac?

På fleire av utdanningsprogramma vert det nytta programvare som berre fungerer med Windows. For mange elevar vil PC difor vera det beste alternativet. Dersom du likevel ynskjer å bruka Mac på desse utdanningsprogramma vil du måtte skaffa deg ein Windows-lisens i tillegg, slik at du kan køyre desse programma i Windows på Mac (dual-boot). Det finst også programvare som kan køyre Windows i ei virtuell maskin. Det er ikkje mogleg å kjøpe Mac gjennom ordninga, og ynskjer du Mac må du kjøpe denne ein annan stad.

Utdanningsprogram der Windows er naudsynt: Teknikk og industriell produksjon, Byggfag, Elektro og IKT-servicefag.

Har du lese og skrivevanskar? Nokre program, som LingDys, Textpilot o.l., er berre laga for Windows. Brukar du desse programma lyt du ha Windows. Det fins også programvare laga for bruk på Mac OS (Lingilot, IntoWords).

Medier og kommunikasjon: Skal du gå Medium og kommunikasjon bør du kontakte skulen du har søkt ved før du bestiller. Skulen har råd om kva for modell som er best eigna til elevar ved Medium og kommunikasjon. Dersom du er usikker på om du kjem inn på dette tilbodet kan du tinge elev-pc, og avbestille undervegs. Betalinga vert då refundert til kontoen som vart nytta ved kjøpet.

Hjelp og svar på spørsmål

  • Spørsmål til fylkeskommunen om ordninga: 915 60 623 (måndag til fredag, 08.00-15.00)
  • Spørsmål til Atea om bestillinga di: 22 09 50 30 eller send e-post til elevsffk@atea.no
  • Informasjonsside frå Atea om service og support: http://www.atea.no/elevpc

Gå til bestillingsportalen

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Spørsmål til fylkeskommunen om ordninga: 915 60 623 (måndag til fredag, kl. 08.00–15.00)

Spørsmål til Atea om bestillinga di: 22095030 eller send e-post til elevsffk@atea.no

Informasjonsside frå Atea om service og support: 
www.atea.no/elevpcfelles

Relaterte lenker

Eksterne lenker

Tip a friendTips ein ven

Fylkesdirektør

Bekka Skaasheim, fylkesdirektør for opplæring, passbilete

Bekka Skaasheim

Ansvarleg eining

Sogn og Fjordane fylkeskommune
post@sfj.no
57 63 80 00