bilete i svart kvitt av fire jenter som står ved sjøkanten, går over i fargebilete av den moderne båten Vision of the Fjords, samt fjord og fjell.

Eit møte mellom fortid og framtid.

Eit nytt fylkesarkiv

Fylkesarkivet er inne i ein spanande periode. Frå og med 01.01.2020 eksisterer ikkje Sogn og Fjordane fylkeskommune lenger. Kva då med fylkesarkivet i Sogn og Fjordane? 

I mest 35 år har vi teke vare på og formidla den immaterielle kulturarven vår som foto, stadnamn, tradisjonsmusikk, munnleg tradisjonsstoff, privatarkiv og kommunale arkiv. Fylkesarkivet sit med andre ord på ein eineståande og samla samfunnsdokumentasjon for fylket, som ingen andre arkivinstitusjonar kan måle seg mot.     

bilete i svart kvitt av fire jenter som står ved sjøkanten, går over i fargebilete av den moderne båten Vision of the Fjords, samt fjord og fjell.Vi kan takke framsynte fylkespolitikarar og ein nytenkjande kulturadministrasjon så langt tilbake som til 1981 for at vi er i denne unike situasjonen. Modellen for korleis kulturen skulle organiserast vart lagt i den fyrste kulturplanen for Sogn og Fjordane dette året. I kjølvatnet av denne vart fylkesarkivet oppretta, fyrst som prøveordning i 1983 og permanent frå 1986. Mandatet vårt var å ta vare på kulturytringane som prega fylket vårt i ein komplett arkivinstitusjon, ei organisering mange misunner oss i dag. Slik vart Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane skapt, basert på ein grunnleggjande tanke om at vi sjølve var dei beste til å ta vare på historia vår, og at det skulle skje gjennom eit fylkesarkiv.

Korleis har så fylkesarkivet forvalta mandatet og den store oppgåva vi fekk? Fylkesarkivet har vore ein suksess. Vi har vakse frå to til 17 tilsette, nyt høg tillit både hos politikarar, administrasjon, fagfolk og folket i fylket. Ikkje berre kommunalt og regionalt, men også nasjonalt har vi sett spor etter oss. Det finst vel knapt ein arkivinstitusjon som totalt sett har fått så mykje nasjonale prosjektmidlar som fylkesarkivet. Det fortel om evne til å tenkje nytt, spanande og «matnyttig».

Det store spørsmålet framover vert no kva rolle og funksjon fylkesarkivet vil ha i den nye fylkeskommunen då Hordaland og Sogn og Fjordane har organisert arkivinstitusjonane sine totalt ulikt. Mitt mål vil vere at vi skal halde fram med å dokumentere og formidle dei immaterielle kulturytringane frå Sogn og Fjordane, samt at det må etablerast ei einskapleg ordning for den nye fylkeskommunen. Vi må bli ein markant kulturinstitusjon med same tenester som vi har i dagens Sogn og Fjordane. Fylkestinget har nyss vedteke Regional plan for kultur for 2019-2027 kor dei presiserer at det må planleggjast eit fylkesarkiv for heile regionen.

Og det viktigaste av alt: Eit framtidig fylkesarkiv må alltid ha brukaren i sentrum, uavhengig om han bur i Odda eller Selje. Vi skal halde fram med å utvikle gode tenester og syte for at samfunnsdokumentasjonen er tilgjengeleg for alle til ei kvar tid.

Teksten er publisert i Kjelda nr. 2 2018.

Bilete:

- Framsida på siste utgåva av Kjelda, eit fylkesdekkjande magasinet for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane, gitt ut av fylkesarkivet. Grafisk uttrykk: Javad Montazeri/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Foto av Vision of the Fjords: Sverre Hjørnevik. Historisk foto: E.J. Andersen 

- Fylkesarkivar Arnt Ola Fidjestøl. Foto: Javad Montazeri/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kommentarer