Eidsvollsmannen Ole Elias Holck 240 år

Den mest markante av eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane, Ole Elias Holck, vart fødd 6. januar 1774 i Eivindvik i Gulen. Holck kom frå ei gamal norsk militærslekt og var offiser i Bergenhusiske Regiment frå 1789.

På Eidsvoll møtte han som representant for offiserane i regimentet sitt. Medan dei andre eidsvollsmennene frå fylket vårt var svært anonyme i forhandlingane på Eidsvoll, var Holck aktiv i debattane.

Skapte heftig debatt

Han var oppteken av at Noreg skulle vere eit sjølvstendig og uavhengig land. Under diskusjonane om statsforma 16. april 1814 tok Holck til orde for at landet ikkje berre skulle vere eit «innskrenket og arveligt monarki», men også at regenten skulle ha tittelen «konge». Ei slik formulering ville langt på veg fastslå at Noreg skulle vere eit uavhengig kongerike.

Framlegget til Holck føret til ein heftig debatt i forsamlinga, og for første gong kom skilnaden mellom sjølvstendepartiet og opposisjonen fram.

Samfunnsengasjementet til Holck heldt fram også i tida etter 1814. Han møtte som stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus amt (dagens Sogn og Fjordane fylke) i 1818, 1824 og i 1839.

Busette seg i Lavik

I 1812 gifta han seg med Karen Sophie Hansen, dotter til futen Simon Hansen på Alværn i Lavik, og dei overtok barndomsheimen hennar. Garden Alværn dreiv han som eit mønsterbruk. Både garden og omgjevnadane på Lavik opptok han sterkt og i tida 1834–35 skreiv han «Forsøk til en Beskrivelse av Ladvig Prestegjeld», ei bok som omhandla ulike sider ved Lavik.

Norsk historie var eit anna felt som han var interessert i. På Alværn hadde han ei samling av fornminne, og i 1824 skreiv han ei avhandling om Gulatinget. Samlinga av fornminne vart seinare gjeven til Bergens museum. Frå 1834 var han ein av medarbeidarane i det arkeologiske tidsskriftet Urda.

Jubileumsfeiring på Alværn i juni

Den vakre bustaden hans på Alværn står framleis. Hovudhuset vart freda i 1923 og er godt bevart. I tillegg er fleire av dei andre bygningane i tunet, som var der på Holck si tid, og delar av hagen bevart. I samband med grunnlovsjubileet har Riksantikvaren løyvd midlar til istandsetjing av hovudbygningen og til dokumentasjon og plan for istandsetjing av hagen.

29. juni 2014 vert det halde eit arrangement på Alværn for å markere 200 års jubileet for grunnlova og Holck sitt bidrag til denne. Arrangementet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Høyanger kommune, Riksantikvaren og eigarane av Alværn.

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut
Tip a friendTips ein ven