Foto av ein finger som nærmar seg eit tastatur. Tasten som vert trykt, er blå og har bilete av ei handlekort og skal illustrere ehandel. Foto: Maria Elena/www.flickr.com

Foto: Maria Elena/www.flickr.com

E-handel

Snart skal alle innkjøp i fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane gjerast elektronisk.

 

E-handel er eit elektronisk ordresystem som fylkeskommunen og (til no) 20 kommunar i Sogn og Fjordane nyttar. Det er integrert i rekneskapssystemet, slik at kopling mellom ordre og faktura kan skje automatisk.  

Implementering av e-handel som tingingskanal var eit aktivt prosjekt som inkluderar alle kommnar i fylket som har ehandel.I starten vart det delvis finansiert av Difi (Direktoratet for forvaltning og IKT).Frå august 2016 er ehandel gått over i drift.

I løpet av 2014 vart det i heile fylket handla for 67 millionar kroner (inkl. mva) gjennom e-handel som tingingskanal. I 2015 vert det kjøpt for 240 millionar kroner (inkl. mva) fordelt på 10950 ordrar, 2016 syner 309 millionar fordelt på 15500 ordrar.Oppdatert statistikk og nyheiter finn du her

Prosjektet er særleg spennande i nasjonal målestokk fordi så mange kommunar er med og samarbeider i eitt prosjekt. Slik dreg alle nytte av erfaringane dei gjer seg.

Målet er at flest mogleg ordrar til leverandørar skal gjerast elektronisk – gjennom nettopp e-handel.

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Frank Have Olesen
Prosjektleiar
frank.have.olesen@sfj.no
900 85 509

Relaterte lenker

Tip a friendTips ein ven