www.sfj.no

Den kulturelle spaserstokken

Den kulturelle spaserstokken skal leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt, kan bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Om tilskotsordninga 

Den kulturelle spaserstokken vart etablert i 2007 og er ei ordning for kulturformidling til eldre.

Midlane er lagt inn i rammetilskotet til fylkeskommunane, og Sogn og Fjordane sin del av dette i 2018 er 1 036 000 kr. Løyvingane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst – og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst – og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå. Det er svært viktig at kulturtilbodet er tilpassa til eldre og er tilgjengeleg på arenaer de r eldre har sitt daglegliv og at det er eit godt samarbeid mellom kultur - og helsesektor.

Løyvingane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå.Det er svært viktig at kulturtilbodet er tilpassa til eldre og er tilgjengeleg på arenaer der eldre har sitt daglege liv.

Det er kommunane som kan søke på midlane. 

Søknadsfrist og søknadsskjema 

Søknadsfrist for midlar 2019: 1.juni 2018. 

Tilskot for 2019 vert betala ut i desember 2018, på vilkår at det er levert rapport for løyvinga i 2017. Tilskot må gjennomførast i samsvar med planar i søknaden. 

Rapporteringsfrist for løyvingar 2017: 1. juni 2018

Søknads- og rapporteringsskjema finn du under "dokument" nedst på denne sida. Her finn du også rettleiing til søknaden og retningslinjer for ordninga. 

Mål og evaluering av søknadane 

Fordelinga vert gjort i høve dei mål som er sett for ordninga, som:

• å sørgje for profesjonell kunst - og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
• å leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det kan utviklast gode kunst - og kulturprosjekt lokalt innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.

Desse punkta vert lagt til grunn for løyvingane:

• å medverke til at eldre får eit tilpassa kultur tilbod på arenaer der dei eldre held til i dagleglivet
• at alle kommunane som har søkt skal få støtte
• god søknad/innhald
• god rapportering/innhald
• godt samarbeid kultur - og helsesektor
• nyskaping og utvikling
• gjennomføringsevne
• gode tilbod til mange
• folketal (brukarar over 67 år)

 

Del dette:

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Jorunn Bakke Nydal
Musikkterapeut
jorunn.bakke.nydal@sfj.no
913 44 734

Relaterte lenker