|
Tilflytting og pendling i Bremanger
Bygdeutviklingslaget Nye Bremanger står bak ein av tre søknader som HPN løfta inn til departementet i årets Bulyst-runde. Prosjektet i Bremanger søkjer å utvikle ein modell for tilrettelagt bumiljø for pendlarar. Bakgrunnen for dette er at Bremanger kan tilby attraktive stader å bu, men ikkje eit godt og breitt arbeidstilbod. Pendling-Stressless-Bulyst Gjennom prosjektet Pendling – Stressless – Bulyst ønskjer ein å nytte eksisterande kollektivruter frå Bremanger til arbeidssentra i Florø, Måløy og Svelgen og samstundes gi barna eit godt og breitt tilbod for idretts- og kulturaktivitetar på ettermiddagane. På denne måten legg ein til rette både for pendling og for å kunne dyrke familielivet på ettermiddags- og kveldstid ved at barna er ferdige med både fritidsaktivitetar og lekser når foreldra kjem heim frå arbeid. Tiltaka og målsetjingane i prosjektet frå Bygdeutviklingslaget Nye Bremanger er i tråd med korleis fylkeskommunen vektlegg attraktivitet og å bu og leve i fylket. Søknaden tek også tak i ei av hovudutfordringane vi i dag står ovanfor i Sogn og Fjordane, nettopp folketalsvekst. Ved å leggje til rette for å kunne bu og arbeide i distrikta tek prosjektet eit viktig steg i rett retning for å kunne auka tilflyttinga til fylket gjennom det å gjere det meir attraktivt å busetje seg i distrikta. Bulyst-midlar Saman med fellessøknaden frå Værlandet Vel og Jostedal Bygdelag og søknaden frå medieproduksjonsmiljøet på Fosshaugane Campus er søknaden frå Bygdeutviklingslaget Nye Bremanger hovudutvalet for plan og næring si prioritering frå fylket til Kommunal- og regionaldepartmentet si Bulyst-satsing i år. Totalt var det åtte bulystsøknader i år. Kommunal- og regionaldepartementet har ansvaret for den vidare sakshandsaminga, og avgjer kva prosjekt som vert løfta inn i bulystsatsinga. |
|
|