|
Måløylærar får Holmboeprisen for 2011
I grunngjevinga for pristildelinga heiter det at Hals viser ein eineståande entusiasme for matematikkfaget, har eit glødande engasjement for elevane og er ein inspirator for kollegaer og andre lærarar. Og han gjer tydelegvis inntrykk på elevane. – Etter pristildelinga har eg fått mange tilbakemeldingar frå tidlegare elevar, noko som er veldig kjekt, og viser at eg har klart å bidra med avgjerande hjelp til nokre, seier Hals. Skriv lærebøker – Det er mange flinke lærarar i klasseromma rundt om i landet. Eg har fått sjansen til å engasjere meg på fleire område, slik at eg kanskje er blitt meir synleg enn lærarar flest. Det er fantastisk kjekt med ein slik pris, slår han fast. Holmboes minnepris vart oppretta i 2005 av Norsk matematikkråd for å fremje og belønne god undervisning i matematikk. 100 000 kroner – Dette er viktig og flott for Sigbjørn personleg, og det er svært kjekt for skulen og heile kollegiet, seier rektoren. Han spelar ballen tilbake til Hals og realfagkollegaene hans, og ber dei å kome med forslag til gode måtar å nytte skulen sin halvdel av pengane på. Kva pengane Måløy vidaregåande får skal brukast til, er ikkje bestemt, men prisvinnaren sjølv har ei formeining om kva hans private del av pengane skal gå til. – Dei skal eg bruke på kona. Ho er ein fantastisk raus og tolmodig person, og det gjer at eg har kunne bruke så mykje tid på faget mitt, seier han. Prisen vert delt ut av kunnskapsminister Kristin Halvorsen på Oslo katedralskole 23. mai. Les meir om bakgrunnen for tildelinga på nettsidene til Holmboeprisen. For meir informasjon, ta kontakt med |
|
|