|
Natur og friluftsliv
Verna areal Til saman er det 141 verna naturområde i Sogn og Fjordane. Av desse er 4 nasjonalparkar, 122 naturreservat, 10 landskapsvernområde og 5 område med fuglelivsfreding. Naturvernområda i fylket utgjer totalt 4079 km2 landareal og 195 km2 sjøareal. Les meir om verna areal i Miljøstatus. Verna areal i Sogn og Fjordane Det verna landarealet utgjer ca 21,9 % av Sogn og Fjordane, medan 4,2 % av sjøarealet innanfor grunnlinja i fylket er verna i dag. Sjølv om fylket er blant dei som prosentvis har mykje verna areal i landet, er det berre ein svært liten del av dei produktive låglandsområda som er verna. Nesten 90 % av det verna landarealet i fylket ligg høgare enn 800 meter over havet, og ein vesentleg del av den verna naturen er is og snø. For å sikre dei verna naturverdiane, blir det utarbeidd forskrifter for dei enkelte verneområda. Dette er verktøyet til dei som har ansvaret for forvaltinga av områda. Nasjonalparkane blir forvalta av fylkesmannen. For andre typar verneområde kan kommunane overta forvaltingsmynde, men det har til no vore lita interesse for dette. Av det samla landarealet i Sogn og Fjordane på 18 611 km2, er 21,9 % verna.
Landskapsvernområde: Eigenarta eller vakre natur- eller kulturlandskap, der landskapsbiletet er eit sentralt verneføremål. Landskapsvernområda er gjerne mindre enn nasjonalparkane, og spor etter menneskeleg påverknad ofte tydelegare. Det ofte er ønskjeleg å ta vare på historiske dimensjonar i landskapet. Les meir om landskapsvernområde på Miljøstatus. Naturreservat: Naturreservat er ei verneform som blir brukt for område som har urørt eller tilnærma urørt natur, og som er levestad for spesielle artar eller representerer ein spesiell naturtype. Dei er som regel av verdi for forsking og undervisning. Verneforskriftene er jamt over strengare enn for nasjonalparkar og landskapsvernområde. Les meir om naturreservat på Miljøstatus. Vestnorsk fjordlandskap: Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart innskrive på Unesco si verdsarvliste 14. juli 2005 som det første naturarvområdet i Noreg. Verdsarvlista til UNESCO (World Heritage List) representerer det fremste i verda av kultur- og naturverdiar. Les meir om Vestnorsk fjordlandskap ¨på Miljøstatus. Vilt og jakt
6 500 ryper vart felt i Sogn og Fjordane, i jaktsesongen 2010/2011, av ca. 230 000 på landsbasis. Det var ca. 7 000 jegerar, busette i Sogn og Fjordane, som utøvde jakt i sesongen 2010/2011. Det var 4.900 og 1160 som jakta høvesvis hjort og ryper. Overvakingsprogrammet for hjortevilt har avdekka at slaktevektene for hjort er redusert med mellom 10 og 18 % i Sogn og Fjordane dei siste 20 åra. Friluftsliv
Relevante lenkjer: |
|
|