Stryn vidaregåande skule koordinerer det europeiske partnarskapsprosjektet «Building Europe together». I april var dei danske, polske og norske partnarane samla til konferanse i Nordfjord. Før påske var elevar og lærlingar på plass i København for å lære murarfaget.
Måløy vidaregåande skule, Byggopp – Opplæringskontoret for Bygg- og Anleggsteknikk i Sogn og Fjordane, København Tekniske skole og Krosno State College i Polen deltek i prosjektet.
Kultur, natur og byggeskikkar i Nordfjord
Eit av måla med prosjektet er å utveklsle kunnskap om byggetradisjonar, byggemåtar, byggekrav, materialbruk, konstruksjonar og arkitektur i dei ulike landa. Konferansen i Nordfjord i april opna med utflukt til Oldedalen i Stryn. Der starta Rune Aabekk opp saga på sagbruket på Aabrekk, og synte korleis tømmeret vert saga og behandla frå stokk til ferdig panel.
Einar Myklebust knytte saman historier om byggeteknikkar og kultur i Oldedalen til ei lærerik og levande oppleving. Resten av veka var sett av til prosjektarbeid og presentasjon av Stryn vidaregåande skule. Tur til Måløy stod også på programmet. Der besøkte partnarane Måløy vidaregåande skule og var på bedriftsbesøk og fisketur.
Fotostory frå konferansen i Nordfjord.
Lærte murarteknikkar i København
Ein annan viktig del av prosjektet «Building Europe together» er arbeidspraksis i dei ulike landa. Fire elevar frå vg2 byggteknikk ved Stryn og Måløy vidaregåande skular praktiserte saman med tre lærlingar frå Byggopp ved København Tekniske skule tidlegare i vår.
Dei starta opphaldet med å byggje ein enkel vegg under kyndig rettleiing – for å få erfaring og kjennskap til teknikkane. Deretter måtte dei sjølve lage arbeidsplan og planleggje eit større prosjekt med rettleiing frå faglærar. Det ferdige produktet skulle bli ein mur med bogar, ulik tekstur og farge, og den eine veggen skulle flisleggast.
Målet var å tileigne seg kunnskap og kompetanse innan murar- og betongfaget. København Tekniske skule har høg kompetanse innan dette fagområdet. Elevane og lærlingane fekk med seg heim kunnskap og erfaring dei ikkje får i Sogn og Fjordane.
Målsetjingar for prosjektet «Building Europe together»
- Greie ut og samanlikne opplærings- og utdanningssystemet innan bygg- og anleggsteknikk i Polen, Danmark og Noreg frå vidaregåande skule, til fagbrev og høgare utdanning.
- Tilføre kunnskap, kompetanse og erfaring til elevar, lærarar og bedrifter lokalt og regionalt.
- Utveksle kunnskap om byggetradisjonar, byggemåtar, byggekrav, materialbruk, konstruksjonar og arkitektur i dei ulike landa.
- Styrkje og vidareutvikle kvalieten på fag- og yrkesopplæringa.
- Samanligne HMS-systema.
«Building Europe together» skal fungere som ein paraply over mobilitetsprosjekta til partane. Dei utvekslar elevar og lærlingar som får praktisere på både skulane og i bedriter knytt til bygg og anlegg i dei ulike landa.
For meir informasjon
Johanne Elisabett Sørdal
utviklingsleiar og internasjonal koordinator, Stryn vidaregåande skule
tlf. 57 83 48 06 / 415 30 801
e-post: johanne.elisabet.sordal@sfj.no