spacer spacer2
Kommandøren i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
”Den Udvikling vor Dampskibsfart har havt her i Amtet, skyldes for en ikke uvæsentlig Del Kommandør Lous.” Desse orda stod i florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende då Hugo Fredrik Baldun Lous døydde 16. mars 1899. Kommandør Lous var administrerande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå starten i 1858 til 1896. Lous gjekk under namnet Kommandøren. I 1891 vart Kommandøren heidra med namnet på eit nytt skip.

Merknad om kjelder til Fylksbaatane si historie
Nordre Bergenhus Amts Dampskibe var eit fylkeskommunalt føretak med fylkestinget som høgaste forvaltningsorgan. I åra 1838-1976 var fylkesmannen administrasjon for fylkestinget. Dampskibsfarten/Fylkesbaatane var fast sak på kvart fylkesting. Dei trykte fylkestingsforhandlingane er ei hovudkjelde til historia om det fylkeskommunale reiarlaget. Ei anna viktig kjelde er fleire bøker om Fylkesbaatane. Dessutan inneheld avisene i fylket mykje og variert stoff om ruteskipsferdsla i fylket.

”Kommandøren” – namn på skip
Reiarlag (rederi) har ofte eit system for namn på fartøya sine. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (1858-1919), Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (1919-2001), frå 2001 Fjord1 Fylkesbaatane AS, dotterselskap i Fjord1 Nordvestlandske AS) har for det meste hatt geografiske namn. Det første skipet som fell utafor dette systemet var ”Kommandøren”, bygd ved Akers Mekaniske Verkstad i 1891.

Kommandøren – H. Lous
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane har hatt mange personar med lang tenestetid, både på sjø og land, men berre ein har blitt heidra med namn på ein av båtane, nemleg administrerande direktør H. Lous, kjend under namnet Kommandøren. Hugo Fredrik Baldvin Lous, var adminstrerande direktør frå starten i 1858 til 1896.. (Arbeidet som adminstrerande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe var i fleire år delstilling.)

I boka om Fylkesbaatane som kom ut til 100 årsjubileet i 1858, står følgjande omtale:

Hugo Fredrik Baldvin Lous var fødd i 1822, fekk si opplæring i marinen, vart i 1850 styrmann på ”Prinds Carl”, så kaptein på emigrantskipet ”Amerika Paket”, som gjekk med gullgravarar til San Francisco, og for i lang tid med dette skipet i fart mellom Amerika og Kina. I 1855 gjekk han attende til marinen og vart kommandørkaptein. I 1857 vart han overlos vestafjells. I 1886 tok han avskil både som overlos og kommandørkaptein og vart tollkasserar i Bergen. Han vart likevel alltid kalla ”Kommandøren”, og det namnet fekk og det skipet som vart oppkalla etter han. Han var ein uvanleg dyktig, uforfærd, folkeleg og hjelpsam mann, var litt av ein diktar og dertil sterkt religiøs. Han var ein av dei som skipa Den Norske Sjømannsmisjon. Han døydde i 1899.

Sa opp, men heldt fram
I 1891 melde ”Hr. Kommandør Lous” frå om at han måtte seia frå seg vervet som administrerande direktør. Han grunngav det ikkje med alderen (69), men med ”jevnt aftagende Hørsel”. Meldinga kom etter at Valnemnda i fylkestinget på ny hadde innstilt ”Toldkasserer Lous” til ”Dampskibsdirektør i Bergen.” Nemnda slapp å endra innstillinga. Etter ”indstending Anmodning” frå fylkesmannen gjekk H. Lous med på å ”vedblive” eitt år til. Samstundes nytta valnemnda høvet til å beklaga ”at der ikke er Udsigt til længere at nyde godt af denne Mands sjeldne Dygtighed og Energi i vor Dampskibsfarts Tjeneste.”

Godt skussmål
Fylket fekk nyta godt av ”denne Mands sjeldne Dygtighed og Energi” meir enn det eine året. H. Lous heldt fram fire år til. I 1896 takka Kommandøren for seg etter 38 år som ”direktør i Bergen”. På fylkestinget i Førde takka amtmann Olaj Olsen, ”hr. toldkasserer Lous”:

(…)”for hans mangeårige velsignelsesrige virksomhed som administrerende direktør for amtets dampskibe samt for den dygtighed, trofasthed og store interesse, hvormed han derunder har fremmet amtets bedste. Dampskibssagen har under hr. Lous udmærkede ledelse udviklet sig på en for amtsdistriktet særdeles heldbringende måde, og den har været og er en viktig faktor i arbeidet fo amtets materielle udvikling

Det er derfor ganske naturligigt, når hr. Lous nu ønsker at fratræde sin stilling som administrrerende direktør, så er det med vemod vi skilles. Vil vil visselig komme til at savne hans udmærkede dygtighed, hans store erfaring og hans altid venlige sind. Det er dog en tilfredstillelse at kunne sige, at han fører med sig amtets fulde høiagtelse og tillid. Jeg vil på egne og amtsthingets vegne ledsage vor tak til ham med ønske om, at han nå få en lykkelig alderdom.

Fylkestinget slutta seg til ved å reisa seg. Elles vedtok Fylkestinget å heidra kommandør Lous med ei minnegåve.

Namnet blei -”Kommandøren”
Men det var fem år før H. Lous slutta, i 1896, at han blei heidra med namn på eit skip. Fylkesbaatane sitt nye skip i 1891, DS ”Kommandøren”, kom som svar på konkurrerande rutefart i 1890. Fylkestinget vedtok å kontrahera eit nytt skip som skulle setjast inn i konkurransen med det privateigde skipet, DS ”Jotunheim” på ruta Sogn-Bergen. Det same fylkestinget fastsette kva skipet skulle heita. Representanten Bøthun (Leikanger) føreslo ”Kommandør Lous”. Refsdal (Vik) føreslo ”Kommandøren”.

Administrerande direktør i fylkesrederiet var alltid med på fylkestinga. Under ordskiftet om namnet på den nye båten, bad administrerande direktør Lous om at namnet ikkje ”maatte blive sat i Fordbindelse med ham”. Han hadde ”ikke noget Ønske i saa Henseende.” Direktøren føreslo eit stadnamn, helst eit frå Sogn, til dømes Gudvangen. Men, direktøren la ikkje skjul på at han var ”meget taknemmelig for den Ære, der var ham tiltænkt; men vilde fastholde, at et Stedsnavn var mest passende.” Fylkestinget tykte ikkje det, fylkestinget valde altrnativet ”Kommandøren”.

Omtale i lokalavis
Avisa Sogns Tidende, som kom ut i Lærdal i åra 1878-1903, hadde i juli 1891 eit stykke om ”Kommandøren” sin første tur Bergen-Sogn 5. juli 1891.

Det går fram av stykket at turen fall saman med fylkestingsseta som dette året var i Aurland. ”Kommandøren” kom til Lærdal søndag kveld, 5. juli. Der venta ”Fjalir” som var komen tilbake frå ein ekstratur til Aurland. Båten hadde frakta fylkestingsmennene på søndagsutferd frå Aurlandsvangen til Gudvangen. ”Kommandøren” gjekk ekstratur frå Lærdal til Gudvangen og frakta fylkestinget tilbake til Aurlandsvangen.

Me får mange opplysningar om det nye skipet, til dømes at standarden på tredje klasse er mykje betre enn på dei andre skipa, ”stor, rummelig og næsten komfortabelt utstyret”. I det store og heile er Sogns Tidende full av lovord, - ”vort Amts Skibe (…) er paa Høiden af sin Tid.”

Kommandøren” gjorde sin første Tur paa Sogn Søndag den 5te ds. Til Lærdal ankom den om Aftenen ved 7-tiden, hvor den blev hilset med Salut først fra Land og derpaa fra Dampskibet ”Fjalir”, som netop kom tilbage fra en Extratur til Gudvangen med Amtsformandskabets Medlemmer. ”Kommandøren” svarede med 4 Skud. Om bord var bl.a. Kommandør Lous og Kontorchef Poulsøn. Herfra gik den strax til Gudvangen og tog Ordførerne med tilbage til Aurland. Det nye Skib er indrettet som ”Alden”, at Lugarerne er noget længere, men til Gjengjæld er Gangen – paa Underdækket ialfald – bleven lidt smalere; En Smule høiere er kanske ogsaa Lugarerne paa ”Kommandøren”. Udstyret er særdeles vakkert og alt Arbeide gir solid Indtryk.

Den største Fordel har dog ”Kommandøren” i sin 3die Plads. Den er ypperlig – stor, rummelig og næsten komfortabelt utstyret. Det er ogsaa meget betimeligt, at der ofres mer end hidtil paa denne Folkeplads. Her trænges saa stort rom som muligt og her trænges andre gode Bekvemmeligheder, for her er altid de fleste Passagerer.

Og ”Kommandøren” tilfredstiller i enhver Henseende Tidens endog strengeste Fordringer til en saadan Plads. Forøvrigt skal det siges, at vort Amts Skibe baade hvad Passagerbekvemmelighede og Lasterum angaar altid har været paa Høiden i sin Tid, Passagererne paa ”Kommandøren”s 3die Plads kan ha det rigtig hyggeligt, og nu bør ogsaa hver især af dem gjøre sit til at opretholde den Orden og Renslighed som er nødvendig for at Folk kan finde sige vel tilfreds,

Vi lykeønsker Amtet med ”Kommandøren”, og haaber, det vil faa baade Nytte og Glæde af den.

1891-1945
”Amtet” eller fylket og folket i Sogn og Fjordane fekk nytte og glede av ”Kommandøren” i 54 år. Det var ein tysk torpedo som sette punktum på hamna i Bergen natt til Skjærtorsdag 1945.

Den andre ”Kommandøren”
Hausten 1962 kom ein ny ”Kommandøren” inn i Fylkesbaatane-flåten. Det var ein kombinert båt, bygd i Bodø, for passasjerar og bilar. Den første ”Kommandøren” var sertifisert for 249 passasjerar, den andre for det doble. Fylkesbaatane brukte den nye MS ”Kommandøren” i snøggrutene Sogn og Fjordane – Bergen. Reiarlaget selde sin andre ”Kommandøren” i 1989.

Den tredje ”Kommandøren”
Fylkesbaatane sin tredje ”Kommandøren” vart døypt i Måløy 4. april 1990. ”Flaggskip i flåten og først i sitt slag” er undertittelen i omtalen av båten i boka 101 Fjordabåtar Fartøya til Fylkesbaatane 1858-2000 (2000). Båten går framleis (2011) i Fjord1 Fylkesbaatane si ekspressrute, for det meste i ruta Sunnfjord/Nordfjord-Bergen. Den tredje ”Kommandøren” var ”først i sitt slag” i ein ny katamaranserie (katamaran – båt med dobbelt skrog) frå skipsverftet Kværner Fjellstrand (Omastrand, Hordaland) med sitt nye straumlineforma design. Båten er ikkje lenger ”flaggskip i flåten”. MS ”Sognekongen” overtok denne heidersrolla sommaren 2010.

”I lange Tider minde om”
Denne artikkelen om Kommandøren i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane byrja med eit sitat frå florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidene då ”Hr. Kommandør Lous” døydde i 1899: ”Den Udvikling vor Dampskibsfart har havt her i Amtet, skyldes for en ikke uvæsentlig Del Kommandør Lous.” Det passar å slutta med neste setning i det same stykket: ”Vort Amts største Skib, ”Kommandøren”, vil ved sit Namn forhaabentlig i lange Tider minde om denne Kjendsgjerning.” Den første ”Kommandøren” gjorde det i 54 år, minte om direktør H. Lous og arbeidet hans. Dei to andre ”Kommandøren” tok stafetten vidare.


Artikkelnummer:
SFFkl-120622

Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2011.


Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no  







Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø