|
Japansk inspirasjon på Astruptunet
Astruptunet i Jølster har sesongopning 23. mai. kl. 13.00. Då vert det orientering ved Japanekspert Knyt Myrer og musikk ved Liv Lande som skal spela på det tradisjonelle japanske strenginstrumentet koto. Astrup og japansk kunst
Det har vore lenge kjent at Astrup var oppteken av japansk kunst. Kvifor var Astrup så fascinert av japansk kunst, kva såg han etter og korleis kom inspirasjonen til uttrykk i kunsten hans? Det er nokre av spørsmåla som Sogn og Fjordane kunstmuseum har teke initiativ til å svare på under utstillinga.
Japansk tradisjon
Utstillinga kjem i tillegg til å ha eit konsentrert historisk tilbakeblikk på utviklinga av dei grafiske teknikkane i Japan frå tidleg 1700-tal til i dag. |
|
|