Sogn og Fjordane fylkeskommune har ei rekkje tilskotsordningar. Desse
tilskotsordningane finn du meir informasjon om på desse sidene, frå
retningslinjer, informasjon om kven som kan søke, til
søknadsskjema og søknadsfristar.
Områda du kan søke etter midlar innanfor er: Plan og samfunn,
kultur, næring og opplæring.
Plan og samfunn
Plan og samfunnsavdelinga har eit hovudansvar for fylkeskommunen sitt arbeid
med planlegging etter plan og bygningslova, inkludert samarbeid med og
rettleiing av kommunane i deira planleggingsoppgåver. Planlegginga skal
fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og
framtidige generasjonar. Folkehelse, tettstadforming, prinsippet om universell
utforming, omsynet til barn og unge sine oppvekstvilkår og estetisk
utforming er viktige omsyn.
Kultur
Sogn og Fjordane fylkeskommune yter kvart år ulike økonomiske
tilskot til kulturarbeid i fylket. Noko av tilskotsmidlane er bundne til faste
føremål. Tilskota skal hjelpe til å fremje eit aktivt og
allsidig kulturliv i fylket. Det vert særleg lagt vekt på
kulturaktivitet til barn og unge og tiltak som fremjar etablering av nye
kulturelle møtestadar. Det vil og bli lagt større vekt på
aktivitet framfor drift.
Næring
Næringsavdelinga skal gje fylkespolitikarane eit godt fagleg grunnlag for
å utforme næringspolitikken i Sogn og fjordane.
Næringsavdelinga bidreg også med fagleg innsats for å
gjennomføre næringspolitikken som fylkespolitikarane vedtek, og
yter ulike økonomiske tilskot til næringsarbeid i fylket.
Hovudsatsingsområda til næringsavdelinga er energi,
entreprenørskap, forsking og utvikling, kommunal næringsutvikling,
landbruk, havbruk og fiskeri, og reiseliv. Og midlar til rekruttering,
kompetanseheving og likestilling i landbruket.
Opplæring
Opplæringsavdelinga med sine 34 tilsette har det administrative ansvaret
for at ungdom og vaksne får ei kvalitativt god vidaregåande
opplæring som fører fram til studiekompetanse, fag-/sveinebrev
eller annan kompetanse.
Tilskotshefte hjå Kunnskapsparken
Kunnskapsparken har samla tilskotsordningane i Sogn og Fjordane. Resultatet er
heftet Tilskotsordningar i Sogn og Fjordane, sett saman av
Framtidsfylket trainee 2010–2011).