

“Me skal ha eit fylke der det er trygt og enkelt å
ferdast.”
Dette er visjonen for samferdsla i Sogn og Fjordane. Kvar gong me som
menneske går, syklar, reiser kollektivt, reiser med bil og sender/mottar
varer og gods, er “me” samferdsle. Nesten kvar dag er samferdsla
viktig for alle delar av samfunnsmaskineriet. Den bind saman byar, tettstader
og distrikt og er naudsynt for næringslivet. Kort oppsummert gjeld
hovudmåla for samferdsla i fylket omsyn til framkome, tryggleik og
miljø.
Veg
Vegnettet skal tene person- og godstransporten i samfunnet og må vere
utforma med tanke på alle trafikantgrupper: køyrande,
kollektivreisande, syklande, gåande og dei som brukar andre
framkomstmiddel. Det krev store ressursar å ta vare på og utvikle
det eksisterande vegnettet til ein standard som samfunnet meiner er akseptabel
med tanke på framkome, tryggleik og miljø.
Sams vegadministrasjon
Staten ved Statens vegvesen har ansvaret for riksvegane.
Fylkeskommunane har ansvar for fylkesvegane og kommunane har ansvaret for dei
kommunale vegane. Statens vegvesen har eit vegfagleg ansvar på
fylkesvegnettet på vegne av fylkeskommunen. Sidan Statens vegvesen tener
både staten og fylkeskommunane, blir dette kalla “sams
vegadministrasjon”. Etter 1. jan 2010, då Sogn og Fjordane
fylkeskommune tok over ansvaret for store delar av riksvegnettet i fylket, vart
fylkeskommunen den største vegeigaren i Sogn og Fjordane med totalt 2575
km fylkesveg.
Kollektivtransport
Samferdsleavdelinga har ansvaret for kollektivtrafikktilbodet, skuleskyss, samt
det offentlege båt- og busstilbodet i fylket. Ordningar som ”Trygt
heim for ein 50-lapp”, lokale transporttilbod for ungdom, ungdomskort og
fleksibel skuleskyss er etablert for å gje ungdom eit trygt og godt
offentleg transporttilbod.
|
Fylkesordføraren opna Bremangersambandet
Opningsseremonien for Bremangersambandet fann stad på Bortnen – midt i det nye veganlegget. Det var kulturelle innslag, talar og fylkesfanfare på programmet før fylkesordførar Åshild Kjelsnes klypte snora og erklærte den nye vegen for opna 16. mai.
|
|
2013.05.16 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkesordføraren opnar Bremangersambandet
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opnar Bremangersambandet 16. mai. Kjelsnes står for snorklyppinga saman med regionvegsjef Helge Eidsnes og bremangerordførar Karl Vidar Førde. Opningsseremonien vert i Bortnen og startar kl. 13.00.
|
|
2013.05.08 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Vestlandet sa meininga si om Nasjonal transportplan i Stortinget
Tunnelvedlikehald, naudnett og skredsikring var nokre av stikkorda til Sogn og Fjordane-delegasjonen på høyringa om Nasjonal transportplan (NTP) i Stortinget 7. mai.
|
|
2013.05.08 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Dalsfjordbrua tek form med helikopterhjelp
Stålentreprenør HSM nytta laurdag 20. april helikopter for å få på plass hengestengene på Dalsfjordbrua. I midten av neste veke skal lekteren med stålkassen ankre opp under brua. Sjå video av helikopterløftinga.
|
|
2013.04.26 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Ledig drosjeløyve i Stryn
Vi har eit ledig drosjeløyve ved drosjesentralen i Stryn. Løyvet gjeld for personbil med inntil ni sete.
|
|
2013.04.22 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Firda Billag er innstilt som operatør av bussrutene i Nordfjord
Fylkeskommunen har innstilt Firda Billag til kontrakt for å drifte bussrutene i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn frå 23. juni 2014. Nettbuss Nordfjord-Ottadalen og Tide Buss leverte også tilbod, og tildelinga skjer til den som har lågast pris.
|
|
2013.04.19 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkestinget vil nytte skuleskyssmidlar til å finansiere kommunal veg
Fylkestinget sa 16. april ja til å delfinansiere ein kommunal veg til Tangenes i Solund ved å omdisponere midlar til skuleskyss.
|
|
2013.04.19 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkestinget lempar på krav for å sikre Veitastrondsvegen snarast
Fylkestinget har tidlegare vedteke at Bjørnabakken på fv. 337 Veitastrondsvegen skal sikrast mot ras. No vil fylkespolitikarane fråvike krav i vegnormalane for å redusere kostnadane.
|
|
2013.04.19 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkesordføraren om NTP: Sjumilssteg for Sogn og Fjordane
Fylkesordførar Åshild Kjelsnes meiner Nasjonal transportplan 2014–2023 er ein god plan for Sogn og Fjordane. Ho er særleg nøgd med opprustinga av E39, Stad skipstunnel, tunnel over Vikafjellet og utdjuping av hamna i Florø.
|
|
2013.04.12 av Lisbeth Bringebøen
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane-prosjekt i Nasjonal transportplan
Regjeringa presenterte i dag Nasjonal transportplan (NTP) 2014–2023. Her får du ei oversikt over kva prosjekt i Sogn og Fjordane som er med i planen. Stad skipstunnel, tunnel gjennom Vikafjellet og ny Lavik ferjekai er nokre av stikkorda.
|
|
2013.04.12 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Hovudutvalet rår fylkestinget til å fråvike krava i vegnormalane
Hovudutvalet for samferdsle meiner fylkestinget bør gi fråvik frå vegnormalane for å leggje til rette for realisering av rassikring av Bjørnabakken på fv 337 Veitastrondsvegen så snart som råd.
|
|
2013.03.22 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Møtebok frå hovudutvalet for samferdsle 19. mars
Hovudutvalet for samferdsle hadde møte i Florø 19. mars. Møteboka er klar og tilgjengeleg her.
|
|
2013.03.20 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Møte i hovudutvalet for samferdsle 19. mars
Hovudutvalet for samferdsle har møte i Florø tysdag 19. mars. Møtet vert på Comfort Hotel Florø og startar klokka 10.30.
|
|
2013.03.13 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkesordføraren feira lovnadar om ferjefri E39
Kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete kom 7. mars med den første lekkasjen frå Nasjonal transportplan: Ferjefri E39 innan 20 år. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes tok imot nyhenda med stor glede, og spanderte E39-kake då ho hadde møte på Høgskulen i Sogn og Fjordane i dag.
|
|
2013.03.08 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Tre selskap vil drive bussruter i Nordfjord
Fristen for å levere tilbod til anbodskonkurransen om bussrutene i Nordfjord gjekk ut 1. mars. Anbodet gjeld bussrutene i kommunane Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn, med oppstart av rutekøyringa 23. juni 2014.
|
|
2013.03.04 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Fylkeskommunen har inngått forlik med Norled
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Norled (tidlegare Tide Sjø AS) har inngått forlik i ankesaka som har vore fremja for Gulating lagmannsrett. Norled trekkjer kravet om erstatning for positiv kontraktsinteresse.
|
|
2013.02.28 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Ledige drosjeløyve i Aurland og Askvoll
Det er to ledige løyve i Aurland kommune, begge er stasjonert i Aurland. Det ledige løyvet i Askvoll har stasjoneringsstad i Kvammen. Søknadsfristen for løyva er 20. mars 2013.
|
|
2013.03.01 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Forfallet på fylkesvegane kostar fire milliardar kroner
Sogn og Fjordane treng om lag fire milliardar kroner for å fjerne forfall og gjere tilhøyrande naudsynte oppgraderingar på fylkesvegnettet. Det viser ein rapport Statens vegvesen legg fram i dag. Fylkesordføraren vil ha på plass ei statleg tilskotsordning knytt til forfallet.
|
|
2013.04.05 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkesordførarane på Vestlandet meiner heile landet treng ferjefri E39
Ferjefri E39 er ikkje berre eit vegprosjekt, det er samfunnsutvikling. Det seier fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal i ein felles uttale.
|
|
2013.02.19 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
5,7 millionar kroner til trafikktrygging
Det fylkeskommunale trafikktryggingsutvalet fordelte fem millionar kroner til Aksjon skuleveg 2013 i møtet 6. februar. Utvalet fordelte også 700 000 kroner til ulike tiltak i samband med trafikktryggingsaktivitetar.
|
|
2013.02.11 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Møte i hovudutvalet for samferdsle 14. februar
Hovudutvalet for samferdsle har møte 14. februar. Møtet vert på Pyramiden i Gaupne og startar kl. 09.15. Sakene er no klare.
|
|
2013.02.08 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Vegvesenet og fylkeskommunen møtte lokalmedia
Planprosessar og bussanbod stod på dagsorden då Sogn og Fjordane fylkeskommune og Statens vegvesen møtte media i fylket på Skei 7. februar. Fylkesdirektør Velaug Veum skisserte kva som er det viktigaste fylkeskommunen arbeider med på samferdslesida akkurat no og i åra som kjem.
|
|
2013.02.08 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Historisk presentasjon av designklede med refleks
Den 6. februar 2013 vil for alltid vere ein merkedag i moderne arbeid for trafikktryggleik, etter at den første kolleksjon designklede med innebygde reflekselement vart presentert i lokala til Norsk Designråd i Oslo.
|
|
2013.02.07 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkesordføraren er opphav til nytt refleksprodukt
Som resultat av eit samarbeid mellom Moods of Norway, Farmhouse og Ricco Vero i Stryn, Norsk Designråd, Reflexconsult, Trygg Trafikk og Sogn og Fjordane fylkeskommune, skal det presenterast ein ny kleskolleksjon der refleks er eit dekorativt element.
|
|
2013.02.01 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Møte i trafikktryggingsutvalet 6. februar
Trafikktryggingsutvalet har møte i Førde 6. februar. Utvalet skal då fordele dei fylkeskommunale trafikktryggingsmidlane.
|
|
2013.01.31 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Verdikort for tilrettelagt transport frå 1. januar 2013
Frå 1. januar innfører fylkeskommunen verdikort for ordninga med tilrettelagt transport (TT-tenesta). Verdikortet er individuelt og kan ikkje tildelast ein institusjon.
|
|
2013.01.03 av Ole Ingar Hagen Hæreid
|
Les meir
|
|
30 millionar til vedlikehald av Midnestunnelen og Høyangertunnelen
Fylkestinget har løyvd 30 millionar kroner til akutte vedlikehaldstiltak i Midnestunnelen i Årdal og Høyangertunnelen. Fylkeskommunen tok over ansvaret for mange av riksvegane i 2010. Fylkestinget krev no at staten dekkjer kostnadane med manglande vedlikehald frå før dette.
|
|
2012.12.18 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkestinget vil sjå nærare på ekspressbåttilbodet
Fylkespolitikarane bestemde tysdag 11. desember at Sognebåten skal halde fram å gå mellom Sogn og Bergen i alle fall fram til 2016. Fylkeskommunen skal også vurdere heile ekspressbåttilbodet i fylket i samband med Regional transportplan (RTP). Denne planprosessen skal avsluttast i desember 2013.
|
|
2012.12.12 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Møte i hovudutvalet for samferdsle 10. desember
Det vert eit ekstra møte i hovudutvalet for samferdsle måndag 10. desember. Sakene som skal handsamast er no klare. Møtet vert i møterommet Sygna på Fylkeshuset og startar kl. 11.00.
|
|
2012.12.10 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkeskommunale trafikktryggingsmidlar 2013
Kommunar, skular, lag, organisasjonar, foreiningar, institusjonar og aksjonsgrupper kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar trafikktryggleiken. Søknadsfristen er fredag 4. januar 2013.
|
|
2012.12.06 av Ole Ingar Hagen Hæreid
|
Les meir
|
|
|
|
Om samferdsle
|
|
Fylkesveg
|
|
Kollektivtrafikk
|
|
Trafikktrygging (FTU)
|
|
Informasjon
|
|
Planar
|
|
Andre nettstader
|
|