Foto: Heidi Karin Ekehaug/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Plan og samfunnsavdelinga har eit hovudansvar for fylkeskommunen sitt arbeid med planlegging etter plan og bygningslova, inkludert samarbeid med og rettleiing av kommunane i deira planleggingsoppgåver.

Planlegginga skal fremje bærekraftig utvikling til beste for den enkelte, samfunnet og framtidige generasjonar.Folkehelse, tettstadforming, prinsippet om universell utforming, omsynet til barn og unge sine oppvekstvilkår og estetisk utforming er viktige omsyn.

Avdelinga skal delta i å sette dagsorden i aktuelle saker knytt til samfunnsutviklinga lokalt og regionalt. Avdelinga har kompetanse på bruk av geografiske informasjonssystem. Avdelinga har eit ansvar for at sektorovergripande oppgåver får ei tverrfagleg vurdering i fylkeskommunen.

Fjellregionane set auka verdiskaping på dagsorden
Kva kjenneteiknar bygder og fjellområde som lukkast? Korleis mobilisere kompetansearbeidsplassar, og korleis lukkast internasjonalt? Dette er noko av tema for årskonferansen til Fjellregionsamarbeidet. Konferansen vert på Skei Hotel 29.–31. mai.
2013.05.13 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylket kan få fem nye bulystprosjekt
Hovudutvalet for plan og næring vedtok i møte 8. mai å løfte inn fem søknader til årets bulystordning. Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) avgjer kva prosjekt som får bulyst-status.
2013.05.13 av Lisbeth Bringebøen
Les meir
Erfaringskonferanse om førebyggande heimebesøk til eldre
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Flora kommune inviterer til erfaringskonferanse om førebyggande heimebesøk til eldre på Skei hotell 30. mai.
2013.03.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Lokale plan-, kart- og folkehelsedagar 9.–10. april
Folkehelsedagane er i år samordna med den årlege plankonferansen 9.–10. april 2013. Konferansen vert på Hotel Alexandra i Loen og er arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Geoforum.
2013.03.22 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Fylkeskommunen deler ut inntil to millionar til enøktiltak
Kommunar og organisasjonar i fylket kan no søkje Sogn og Fjordane fylkeskommune om støtte til enøktiltak. Målet er å bidra til meir effektiv energibruk i fylket, og søknadsfristen er 2. mai.
2013.03.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Dialogmøte og temaseminar om Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
Vi arrangerer våren 2013 tre temaseminar og to dialogmøte om Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014–2017. Slik får innbyggjarane i Sogn og Fjordane høve til å kome med innspel til planen. Det første seminaret vert på Sandane 2. mars.
2013.03.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
800 000 kroner til utvikling av lokalsamfunna i Hornindal og Balestrand
Kommunal- og regionaldepartementet har løyvd 800 000 kroner for å styrkje Hornindal og Balestrand i å utvikle lokalsamfunna sine. Målet er å gjere kommunane meir attraktive for både innbyggjarar og næringsliv.
2013.02.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Seminar om «sunne hus»
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane arkitektlag inviterer til seminar om energi og miljøvenleg arkitektur. Seminaret vert i Sogndal 6. februar kl.17.00–20.00.
2013.02.01 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Møte i hovudutvalet for plan og næring 6. februar
Hovudutvalet for plan og næring har møte i Førde 6. februar. Møtet startar kl. 10.00 og vert i møterommet Fjaler i Storehagen Atrium.
2013.01.29 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
150 000 kroner til miljøsertifisering av verksemder
Vi lyser igjen ut midlar til miljøsertifisering av små og mellomstore verksemder. Det vert lyst ut 150 000 kroner i denne omgangen, og søknadsfristen er 1. mars 2013.
2013.01.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Blilyst på Bulystkonferansen 2013
«Arbeidslyst + bulyst = blilyst». Dette er tema for Bulystkonferansen 2013. Konferansen vert på Skei Hotel 9. og 10. april. Kva skal til for at tilflyttarane blir verande?
2013.01.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
35 millionar til bulyst i 2013
Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) har i år løyvd 35 millionar kroner til prosjekt som kan skape bulyst. Alle offentlege og private aktørar og verksemder kan søkje innan fristen 8. mars.
2013.01.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Søk om tilskot til merking og gradering av turløyper
Gjensidigestiftelsen har løyvd til saman fem millionar til merking og gradering av turløyper på Vestlandet i 2013. Det vert informasjonsmøte om merkeprosjektet i Førde 21. januar. Fristen for å søkje om midlar er 15. februar.
2013.01.17 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
4,9 millionar til tettstadforming
No kan alle kommunane i fylket søkje om tilskot til tettstadforming i kommunesentra. Fylkeskommunen har sett av 4,9 millionar kroner til dette i 2013. Søknadsfristen er 31. januar.
2013.01.17 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Seminar om massivtre
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane arkitektlag inviterer til seminar om bruk av massivtre i bustad- og næringsbygg. Seminaret vert på Sogndal vidaregåande skule 22. januar kl. 13.00–18.00.
2013.01.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Søk om midlar til tiltak som støttar opp om fylkesjubileet
Jubileumsåret 2013 er i gang, og vi feirar at det er 250 år sidan Sogn og Fjordane vart eige fylke. Du kan søkje fylkeskommunen om støtte til arrangement og tiltak i samband med jubileet. Søknadsfristen er 15. januar.
2013.01.07 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Ordføraren trykte på startknappen
Ordførar Hallvard Oppedal i Gulen kommune fekk æra av å få klippe den raude snora og trykke på startknappen for den fyrste hurtigladinga av elbil i Sogn og Fjordane. – Vi vonar at dette kan verte ein stimulans til kjøp og bruk av elbilar både i Gulen og i heile fylket, seier han.
2012.12.11 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Nordsida utviklingslag tok imot Fylkesprisen for idérike bygder
Utviklingslaget frå Stryn er pionerar i bygdeutviklingsarbeidet i Sogn og Fjordane. Tysdag fekk dei Fylkesprisen for idérike bygder, og vart heidra for arbeidet dei starta med alt i 1988.
2012.12.12 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Tilskotsordningar – søknadsfrist 15. januar 2013
Du kan søkje Sogn og Fjordane fylkeskommune om økonomisk støtte. Vi lyser no ut midlar til tiltak innan kulturarbeid, friluftsliv, viltforvaltning, fysisk aktivitet og folkehelse. Søknadsfrist er 15. januar 2013.
2012.12.03 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Første hurtigladestasjonen i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane har fått sin første hurtigladestasjon for elbilar. Hurtigladaren på Oppedal kai i Gulen kommune vert sett i drift i desse dagar. Denne legg til rette for ei billeg og fossilfri bilreise langs E 39 på Vestlandskysten.
2012.12.03 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Fylkesprisen for idérike bygder går til Nordsida utviklingslag i Stryn
Nordsida utviklingslag er eit samarbeid mellom dei fire bygdene Blakset, Fjelli, Randabygda og Hopland i Stryn. Dei får prisen fordi dei har vore pionerar i bygdeutviklingsarbeid i fylket. Det bestemde hovudutvalet for plan og næring i møtet 27. november.
2012.11.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
600 000 kroner til pedagogisk klimapark ved bremuseet i Fjærland
Hovudutvalet for plan og næring løyvde midlar til mange gode prosjekt og tiltak i møtet 27. november. Eitt av prosjekta som fekk støtte er ein mammutpark og pedagogisk leikepark ved Norsk Bremuseum i Fjærland.
2012.11.28 av Lisbeth Bringebøen
Les meir
Mykje å lære av naturskadehendingar
Dersom kommunane følgjer regelverket, kan de forhindre at mange av de naturskadehendingane som har skjedd tidligare skjer igjen. Samtidig er det fleire naturfarar som kan bli vanlegare med framtidige klimaendringar og som dagens regelverk og arealplanlegging ikkje fangar opp.
2012.11.23 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Sjå opptak av klimaseminar
Klimatilpassing og sårbarheit for klimaendringar stod på dagsorden på Fylkeshuset i Leikanger tysdag 20. og onsdag 21. november. Du kan sjå heile seminaret i opptak her.
2012.11.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Viltseminar 2012: Smått, stort og rått
24. og 25. november er det klart for viltseminaret 2012. Tema i år er småvilt, storvilt og rovvilt. Det vert status for store rovdyr i fylket, informasjon om erstatning i rovdyrsaker, innføring i dei nye hjorteforskriftene og mykje meir.
2012.10.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkesatlas er oppgradert
Det er lagt inn ein del nye funksjonar og knappar i Fylkesatlas i haust. No kan du finne høgdeprofilar på kartet og leggje inn tekst i kartet. Du kan også bruke Fylkesatlas på nettbrett, og vi har lagt inn søk med forslag.
2012.10.05 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Nyskapande kommunar og lokalsamfunn i sentrum på Nordfjordeid
Konferansen Vestlandsk Vidsyn vert arrangert i Operahuset Nordfjord 24. og 25. oktober. Her vert det eit nærare blikk på nyskapande kommunar og lokalsamfunn på Vestlandet. Friviljug innsats, mobilisering og planarbeid i lokal samfunnsutvikling er stikkorda.
2012.10.02 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Rapportar gjev ny kunnskap om hjort
Sluttrapporten frå hjortemerkeprosjektet i Sunnfjord og Sogn slær fast at hjortevalda i dag er for små til å forvalte hjortebestandane. Samstundes presenterer Norsk institutt for naturforskning (NINA) ein rapport som dokumenterer at slaktevektene og produktiviteten i hjortebestanden har gått ned.
2012.10.01 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Data frå ungdomsundersøkinga er tilgjengeleg i Fylkesspegelen
Funn frå kartlegginga av helse, miljø og livsstil blant 11- og 13- åringar i Sogn og Fjordane er no publiserte i Fylkesspegelen. Her kan du samanlikne resultata frå fylket med resultat frå både nasjonale og internasjonale undersøkingar.
2012.09.21 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Føreslå kandidatar til fylkesprisen til idérike bygdesamfunn
Sogn og Fjordane fylkeskommune deler også i år ut pris til nyskapande og driftige bygdesamfunn. Vinnaren får 30 000 kroner og eit diplom. Fristen for å søkje eller føreslå kandidatar er 22. oktober.
2012.10.19 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
 
Om plan og samfunn
Tema og tenester
Tilskotsordningar
Andre nettstader
  Oppdatert 05/24/2013