”Vegen vidare for Sogn og Fjordane” - mål og
strategidelen og handlingsplanen - hadde i utgangspunktet eit tidsspenn
frå 2005 til 2008. Fylkesutvalet har utvida verketida til
2010.
Fylkesplanen er eit styringsdokument for utvikling i fylket. Kommunane,
offentlege etatar, næringslivet og frivillige organisasjonar har i
fellesskap utvikla strategien under leiing av fylkeskommunen. I lag vil vi
arbeide med strategiane gjennom felles program og konkrete
prosjekt.
Det overordna målet er å halde oppe folketalet og busetnaden.
Vi ynskjer at folk skal skape seg eit rikt og meiningsfylt liv i Sogn og
Fjordane. God helse, kultur og trygge
og
opne miljø er avgjerande verdiar.
Sogn og Fjordane vil truleg halde fram med å vere eit fylke av
små og store bygder og bygdebyar. Vi må såleis halde fram
å utforske korleis vi kan nytte strukturen vår som ein ressurs.
Verdiskapinga må styrkast gjennom å ta heile fylket i bruk og nytte
kultur- og naturgrunnlaget på ein aktiv og berekraftig måte.
Tenestenæringane må styrkast, men det er
lite truleg at det kan skapast nok slike arbeidsplassar til å vege opp
for tapet i landbruket og industrien. Vi må satse på dei
tradisjonelle næringane, samstundes som vi stimulerer nye næringar
bygd på natur- og kulturgrunnlaget.
Vi har mange fordeler – sterk lokal identitet,
historie og kulturarv, gode bumiljø med dugnadsånd og aktivt
friviljug organisasjonsliv, kunnskapar om å utnytte og ta vare på
lokale ressursar, tradisjonar for mangesysleri og fleksibel
arbeidskraft.