Vidaregåande opplæring for ungdom og vaksne er det største tenesteområdet i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylket har 12 vidaregåande skular med plass til vel 4400 elevar. Dei fleste skulane gir tilbod innanfor både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningsprogram. Fylkeskommunen har også ansvaret for at vel 1100lærlingar og lærekandidatar får vidaregåande opplæring i bedrift. I tillegg gir Fagskulen i Sogn og Fjordane undervisningstilbod i tekniske og maritime fag.

Opplæringsavdelinga har det administrative ansvaret for at ungdom og vaksne får ei kvalitativt god vidaregåande opplæring som fører fram til studiekompetanse, fag-/sveinebrev eller annan kompetanse. Avdelinga er organisert med ein administrativ stab i tillegg til 4 fagteam; Inntak og formidling, Kvalitet og utvikling, Fag- og vaksenopplæring og Eksamen og dokumentasjon.

Sogn og Fjordane i skuletoppen
Siste publiserte tal frå Utdanningsdirektoratet viser at Sogn og Fjordane er gode på gjennomføring og viser ei positiv utvikling på gjennomføringa på yrkesfag.
2014.12.18 av Marit Brennset
Les meir
Søking til vidaregåande opplæring
Det er mogeleg å søkje vidaregåande opplæring til skuleåret 2015-2016 gjennom www.vigo.no frå veke 2. I år er det laga ei søkjarhandbok som inneheld nødvendig informasjon om søking og inntak til vidaregåande opplæring i skule og i bedrift.
2014.12.19 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Skulehelsetenesta i vidaregåande opplæring
Hovudutvalet for opplæring oppmodar kommunane til å søke midlar.
2014.11.26 av Marit Brennset
Les meir
Rådgjevarkonferansen 2014
Fylkesdirektør for opplæring og KS-skuleutvalet inviterer til konferanse for rådgjevarane i grunnskulane og dei vidaregåande skulane.
2014.11.13 av Marit Brennset
Les meir
Trappar opp tiltak for å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring
Høgare status på yrkesfag og helsetiltak skal få ungdom til å gjennomføre vidaregåande opplæring.
2014.08.26 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Rådgjevarkonferansen 2014
Den årlege rådgjevarkonferansen blir på Hotel Alexandra tysdag 11. og onsdag 12. november.
2014.08.19 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Læreplasskurs – tilbod til deg som endå ikkje har fått læreplass
Ungdom som ynskjer læreplass, men som ikkje har fått plass innan 15. august, får no tilbod om Læreplasskurs. Kurset skal gjere søkjaren meir kvalifisert til å få læreplass.
2014.08.13 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Stipend til utdannings- og opplæringsopphald i europeiske land
EU programmet ERASMUS+ har tildelt Sogn og Fjordane fylkeskommune 74 stipend til utdannings/opplæringsopphald i europeiske land. Desse stipenda er for yrkesfaglege elevar, lærlingar, lærarar og lærlingansvarlege.
2014.07.14 av Guro Høyvik
Les meir
Luster vidaregåande skule avslutta 137 år med skuledrift
Rundt 40 tilsette og inviterte gjester deltok på avslutninga for Luster vidaregåande skule på Munthehuset i Kroken 20. juni. Det vart ei flott markering, der dei tilsette fekk mykje skryt for måten dei har takla utfordringane dei siste åra på.
2014.06.27 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
250 000 kr til prosjektet «Høyangerskulen 1–13»
Høyanger vidaregåande skule har saman med fem grunnskular i Høyanger fått 250 000 kroner frå Utdanningsdirektoratet. Pengane skal gå til samarbeidsprosjektet «Høyangerskulen 1–13», som skal betre læringsmiljøet til elevar på alle trinn.
2014.06.18 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Elev-pc for deg som startar vidaregåande skule til hausten
Skal du byrje på vidaregåande skule til hausten? Då treng du ei berbar datamaskin frå første skuledag. Du kan kjøpe elev-pc gjennom Sogn og Fjordane fylkeskommune.
2014.06.10 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Elevane i Sogn og Fjordane mest fornøgde med lærarane
Resultata frå den store elevundersøkinga for 2013 syner at elevar her i fylket meiner læraren oftare hjelper dei å forstå det dei skal lære, enn elevar andre stadar i landet.
2014.06.06 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Gratis vidaregåande opplæring for vaksne – søknadsfrist 10. juni
Vi tilbyr frå hausten 2014 gratis vidaregåande opplæring for vaksne både i fag til generell studiekompetanse og i yrkesfag.
2014.05.27 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sogndal overtek Luster-samarbeid med latvisk skule
Luster vidaregåande skule har dei siste sju åra hatt eit godt samarbeid med Daugavpils Trade Vocational Secondary School i Latvia. Fredag skreiv rektor Marta Sofie Vange ved Sogndal vidaregåande skule og den latviske rektoren under på at dei vil halde fram samarbeidet.
2014.05.26 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Maritim næringsreise i ytre Nordfjord
Karriere Sogn og Fjordane arrangerte maritim næringsreise i ytre Nordfjord 7. og 8. mai. Dei rundt 20 deltakarane var innom blant anna oppdrettsanlegget Marine Harvest, Båtbygg AS og Måløy vidaregåande skule.
2014.05.23 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Møte i fagopplæringsnemnda 21. mai
Fagopplæringsnemnda har møte på Måløy vidaregåande skule 21. mai. Sakene er no tilgjengelege her på heimesida til fylkeskommunen.
2014.05.14 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sommarskule for deg som treng bestått i matematikk og naturfag
Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerer også i år sommarskule for elevar som treng bestått i matematikk og naturfag på vg1-nivå. Sommarskulen vert på Mo i veke 26 og 27.
2014.05.13 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Medieelevar fekk pris for arbeid mot ruskøyring
Medieelevane i 3MK ved Mo og Jølster vidaregåande skule sikra seg denne veka andreplassen i den årlege konkurransen Death Trip. Elevar frå heile landet konkurrerer der om å lage den beste haldningskampanjen mot ruskøyring.
2014.05.07 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
«Nye» rektorar i Førde og Høyanger
Det er no klart at Liv Horvei vert rektor på den samanslegne Mo og Øyrane vidaregåande skule frå 1. august. Trygve Jacobsen vert assisterande rektor. I Høyanger er Torill Thorbjørnsen fast tilsett som rektor ved Høyanger vidaregåande skule.
2014.05.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Elevar vann internasjonal UB-pris
RAW Media UB frå Mo og Jølster vidaregåande skule vart denne veka kåra til årets "EwB"-bedrift under NM for ungdomsbedrifter.
2014.05.02 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Ny rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane
Elin Stubhaug er tilsett som rektor ved Fagskulen i Sogn og Fjordane. Ho tek over stillinga etter Tor Solheim, som går av med pensjon. Stubhaug tek til i stillinga i august.
2014.04.30 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Næringsreise i Nordfjord 7. og 8. mai
Karriere Sogn og Fjordane inviterer til næringsreise i Nordfjord med temaet «Maritime fag og kystnæringane». Målgruppa er blant andre rådgjevarar og lærarar i ungdomsskule og vidaregåande skule, OT-koordinatorar, arbeidslivskontaktar og Nav-tilsette.
2014.04.25 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Helsefagelevar på utplassering i London
Norske elevar på vg2 helsearbeidarfag har for første gong vore utplasserte i London. Ei gruppe elevar frå Dale og Øyrane vidaregåande skular hadde to veker arbeidsutplassering i London i mars.
2014.04.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Nytt studietilbod kan gje 30 årsverk i ein pressa bransje
Elektrobransjen i fylket slit med å få nok fagfolk, både fagarbeidarar, teknikarar og ingeniørar. Fagskulen i Sogn og Fjordane tilbyr frå hausten av eit samlingsbasert studie innan elektro.
2014.04.11 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
115 tok imot fag-, sveine- og meisterbrev i fylket
Det var festkveld for fagutdanninga i fylket då 240 personar var samla i Loen under årets utdeling av fag- sveine- og meisterbrev 28.mars. Seks personar tok meisterbrev i Sogn og Fjordane i 2013.
2014.04.11 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Avfall på dagsorden då fem elevar og to lærarar frå Luster vidaregåande skule vitja Zambia
Luster vidaregåande skule samarbeider med David Livingston High School (DLHS) i Zambia. No i mars har fem elevar og to lærarar besøkt skulen i Zambia for å lære om avfallshandtering og utveksle erfaringar om skule og utdanning. Elevane frå Luster overrekte også ei gåve på 30 000 kroner.
2014.04.03 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Microsoft med film frå Hafstad vidaregåande skule
Dei vidaregåande skulane Hafstad og Dale starta hausten 2012 prosjektet «Det komplette nettbrettet», med bruk av nettbrett i undervisninga. No har Microsoft laga ein film frå Hafstad, og dei nyttar denne i møte med andre kundar.
2014.04.24 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Hovudutvalet for opplæring har justert opplæringstilbodet for skuleåret 2014–15
Hovudutvalet har avgjort kva utdanningsprogram, og kor mange grupper, som startar opp på dei vidaregåande skulane til hausten. Til saman har 4207 søkt om skuleplass i vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane neste skuleår.
2014.03.26 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fyrstehjelpspakke i psykisk helse for auka gjennomføring i vidaregåande skule
Forsking viser at mange av ungdomane som ikkje fullfører vidaregåande opplæring, har vanskar med den psykiske helsa si. Fylkeskommunen har difor i samarbeid med Helse Førde utvikla ein fyrstehjelpspakke for elevane på første trinn i vidaregåande opplæring .
2014.03.26 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Over 50 kortfilmar konkurrerer på Sogndal Filmfestival
Mange unge filmskaparar har meldt på filmar til Sogndal Filmfestival 31. mars og 1. april. Festivalen deler ut prisar i ti kategoriar, og juryen er i godt i gang med å vurdere filmane.
2014.03.20 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
 
Om opplæring
Gjennomføring i vidaregåande opplæring
Skulebruksplanen
Rådgjeving og rettleiing
Vidaregåande opplæring
Tilskot
Regelverk
Prosjekt, planar og rettleiarar
Kurs og konferansar
Digital satsing
  Oppdatert 12/19/2014