Kulturavdelinga skal støtte, utvikle, drive og utfordre kulturlivet i Sogn og Fjordane. Avdelinga har mange ulike oppgåver, mellom anna arbeider vi med å ivareta kulturminne av regional og nasjonal verdi, handsame søknader og fordele midlar til mellom anna det frivillige kulturlivet. Vi forvaltar spelemiddelordninga, administrerer Den kulturelle skulesekken, driv musikkarbeid blant anna i samband med fylkes- og distriktsmusikarordningane, og ungdomsarbeid som til dømes Ungdommens kulturmønstring (UKM).

Kulturavdelinga skal vere ein samarbeidspartnar med kompetanse som kan bidra både med informasjon og økonomisk stønad. Målet er å utvikle eit godt og variert kulturtilbod for alle innbyggjarar og vitjande i Sogn og Fjordane.

Kulturavdelinga skal bidra til å skape entusiasme og oppslutning om kultur og kulturmiljø i fylket vårt.

(Foto: Thomas Morel)

Gulatinget vert del av Grunnlovsjubileet i 2014
Tusenårsstaden Gulatinget vert ein del av den offisielle markeringa av Grunnlovsjubileet i 2014. Dette er klart etter at stortingspresident Dag Terje Andersen presenterte programmet for jubileet onsdag 15. mai.
2013.05.16 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
ExtraStiftelsen vitja Fylkessenteret for musikkterapi
Fylkeskommunen ved Fylkessenter for musikkterapi har fått støtte frå ExtraStiftelsen til eit prosjekt om musikk og stresshandtering på asylmottak. I dag vitja generalsekretær Hans Christian Lillehagen i stiftinga Førde for å få eit nærare innblikk i prosjektet.
2013.05.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Dokument2013 – filmkonkurranse for ungdom mellom 15 og 19 år
Kva er ungdom i Sogn og Fjordane opptekne av i jubileumsåret 2013? Ungdom mellom 15 og 19 år vert no inviterte til å lage ei forteljing frå Sogn og Fjordane på 60 sekund. Konkurransen vert sparka i gang med filmkurs på Firda vidaregåande skule 24. og 25. mai.
2013.05.14 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Vil ha Vestlandsrådet med på lokalt kulturløft
Vestlandsrådet skal ha kulturpolitikk på dagsorden under møtet sitt i Loen 14. mai. Fylkesrådmann Tore Eriksen rår dei til å jobbe for større lokal og regional handlefridom. Han er også kritisk til den dominerande rolla Norsk Kulturråd har fått.
2013.05.06 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Konferanse – Fysisk aktivitet i barnehage og småskule
Korleis kan born aktiviserast både fagleg og tverrfagleg? Det er tema når fylkeskommunen og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til konferansen «Fysisk aktivitet i barnehage og småskule» i Sogndal 7. mai.
2013.04.29 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Desse går vidare til UKM landsmønstringa
Det har vore ei stor glede for Sogn og Fjordane fylkeskommune og Førde kommune å arrangere fylkesmønstringa for ungdomens kulturmønstring (UKM) i helga. Fylket har mange unge dyktige talent. Fem sceneinnslag og fire utstillingar går vidare til landsmønstringa i Larvik i juni.
2013.04.22 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Over seks millionar frå Norsk Kulturminnefond til prosjekt i Sogn og Fjordane
26 istandsetjingsprosjekt i Sogn og Fjordane har fått til saman 6 005 000 kroner frå Kulturminnefondet. Den største enkelttildelinga er på 600 000 kroner og går til restaurering av Produksjonshallen i Stongfjorden.
2013.04.19 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
300 ungdomar deltek på UKM Fylkesmønstring 2013
Fylkesmønstringa til Ungdommens kulturmønstring (UKM) vert arrangert i Førdehuset 20.–21. april. Over 300 ungdomar frå heile fylket er i sving gjennom helga. Det vert utstillingar, framsyningar og ei markering av fylkesjubileet.
2013.04.19 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Harry Mowatt held fram som styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane
Fylkestinget gav 16. april Harry Mowatt ny tillit som styreleiar for Musea i Sogn og Fjordane. Han har vore styreleiar dei siste to åra og held no fram i fire til.
2013.04.17 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Den kulturelle skulesekken tilbyr filmhjelp til elevar
Ved hjelp av skodespelarar frå blant anna «Halvbroren» og «Kon-Tiki», vil Den kulturelle skulesekken (DKS) lære elevar å lage gode filmar med eigne mobilkamera. DKS turnerer no alle dei vidaregåande skulane i fylket.
2013.04.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Sogn og Fjordane samla for nytt kulturløft
Leiar i ungdomspolitisk utval Torgeir Timenes Bell utfordra på innspelmøte i Førde i dag breidda i kulturlivet i Sogn og Fjordane til å vere meir offensive med tilbod overfor ungdomsgruppa. Han vil ha fleire til å nytte ordninga med kulturkort for ungdom.
2013.04.12 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Over 100 påmelde til innspelsmøte om retninga for kulturpolitikken
Ønskjer du å gje innspel om retninga for framtidig kulturpolitikk direkte til Kulturdepartementet? Då har du sjansen når statssekretær Kjersti Stenseng og politisk rådgjevar Håvard Fossbakken vitjar Førde fredag 12. april.
2013.04.11 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fire verdiskapingsprosjekt i Sogn og Fjordane får tilskot frå Riksantikvaren
Riksantikvaren har løyvd 1,5 millionar til fire verdiskapingsprosjekt knytt til Sogn og Fjordane fylke. Kongevegen over Filefjell og Kystpilegrimsleia Rogaland-Nidaros får mest.
2013.04.05 av Jenny Ann Aasen Magnusson
Les meir
Høyring – Nye retningsliner for tilskot til kulturbygg
Framlegget til nye fylkeskommunale retningsliner for den desentraliserte ordninga for tilskot til kulturbygg er no ute på høyring. Fristen for innspel er 30. april 2013.
2013.04.03 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Prosjekt Malawi UB hadde den beste framtidsideen
Ein grunnpakke med informasjon om Sogn og Fjordane for nyetablerte og nyutdanna personar og familiar. Det er ideen som vart kåra til Beste framtidside i samband med opninga av fylkesjubileet 21. mars.
2013.03.22 av Siw Heidi Bäckstrøm
Les meir
Fylkesjubileet er offisielt i gang
Blant nesten 300 unge entreprenørar og ei rekkje andre gjester erklærte fylkesordførar Åshild Kjelsnes fylkesjubileet for offisielt opna i Operahuset på Eid 21. mars. Ho la vekt på at framtida og ungdomane er noko av det aller viktigaste i jubileumsåret.
2013.04.10 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
790 000 kroner til festivalar, arrangement og spel
Hovudutvalet for kultur har løyvd til saman 790 000 kroner til 15 ulike festivalar, arrangement og spel i fylket. Balejazz får mest med 180 000 kroner.
2013.03.20 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkestinget for ungdom vart ein suksess
Ungdommar frå 20 kommunar var i helga samla på Skei Hotell for å halde liv i ungdomsdemokratiet. Dei diskuterte aktuelle saker i fylket, lagde ny handslingsplan for ungdomspolitisk utval og hadde språkdebatt.
2013.03.18 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
188 søknadar om spelemidlar
Fylkeskommunen har i år motteke 153 søknader om tilskot frå spelemidlane til ordinære idrettsanlegg og 35 søknader til nærmiljøanlegg. Til saman er det søkt om vel 600 millionar kroner.
2013.03.18 av Guro Høyvik
Les meir
Rekordmange filmar til Sogndal Filmfestival
Sogndal Filmfestival har i år fått inn fleire filmar til kortfilmkonkurransen enn nokon gong. Då juryen denne veka la siste hand på verket, var det kome inn heile 75 filmar. Filmfestivalen vert arrangert i Sogndal Kulturhus 18. og 19. mars.
2013.03.14 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Møte i Verdsarvrådet for vestnorsk fjordlandskap
Fylkesvaraordførar Jenny Følling deltok på møtet i Verdsarvrådet for vestnorsk fjordlandskap på Roalden i Stranda 5. mars. Miljøverndepartementet orienterte der om status for og framdrift i arbeidet med ein ny nasjonal verdsarvpolitikk.
2013.03.08 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Nytt dialogmøte om Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
Vi inviterer no til det tredje dialogmøtet om den nye regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Møtet vert på Skei Hotell torsdag 11. april. Møt opp, diskuter og bidra med dine synspunkt og innspel.
2013.03.06 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkesordføraren ønskte velkomen til dobbel jubileumskonsert
Sogn og Fjordane symfoniorkester fyller ti år i år. Det feira orkesteret saman med fylkesjubileet i Førde og på Sandane i helga. Dei to jubilea inviterte til jubileumskonsertar med Arve Tellefsen som solist. Fylkesordførar Åshild Kjelsnes heldt opningstalen.
2013.03.04 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Ynskjer du fleire ungdommar på kulturarrangementet ditt?
Sogn og Fjordane fylkeskommune oppmodar alle kulturarrangørar om å søkje kulturkort for ungdom. Ordninga gir arrangørar sjansen til å tilby billigare billettar til ungdom mellom 16 og 20 år.
2013.02.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Bokbåten Epos er lasta med nynorsk og klar for vinterturné
Bokbåten legg frå kai i Førde fredag 1. mars og skal innom 41 stadar i Sogn og Fjordane dei neste vekene. Lasta om bord ber preg av at vi er inne i Språkåret 2013, og nynorske barnebøker er prioriterte.
2013.03.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Kulturfestivalen feirar 25 år med jubileumskonsert og Olav Stedje
Det er i år 25 år sidan Norsk forbund for utviklingshemma og Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte kulturfestivalen for utviklingshemma for første gong. Det vert feira med jubileumsfestival med opptog, festmiddag og jubileumskonsert i Førdehuset.
2013.02.28 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Dialogmøte og temaseminar om Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
Vi arrangerer våren 2013 tre temaseminar og to dialogmøte om Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014–2017. Slik får innbyggjarane i Sogn og Fjordane høve til å kome med innspel til planen. Det første seminaret vert på Sandane 2. mars.
2013.03.05 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Fylkeskommunen går for meir fysisk aktivitet
Forsking syner at nordmenn ikkje er så aktive som vi burde ut frå tilrådingane til Helsedirektoratet, og i Sogn og Fjordane er ungdommane mindre fysisk aktive enn unge andre stadar. Denne våren ynskjer fylkeskommunen å engasjere innbyggjarane i fylket for å endre trenden.
2013.03.12 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Kystpilegrimsleia til Nidaros skal vekkje reiselysta langs kysten
Det nye samarbeidsprosjektet Kystpilegrim Rogaland–Nidaros skal skape reise- og opplevingslyst ved hjelp av den gamle pilegrimsleia langs kysten. Målet er å etablere leia som ei samanhengande reiserute frå Rogaland til Trondheim, slik at ein kan følgje sjøvegen som i mellomalderen.
2013.02.20 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
Jubileumsfeiringa er i gang
Sogn og Fjordane fyller 250 år som eige fylke i 2013, og året er spekka med gode jubileumsarrangement. Feiringa er alt i gang, og du kan følgje jubileet på eiga heimeside og på Facebook.
2013.02.15 av Birthe Johanne Finstad
Les meir
 
Om kultur
Plan, strategi og politikk
Tilskotsordningar
Kulturminne
Barn og unge
Idrett og fysisk aktivitet
Musikk
Kultur og helse
Arkiv, bibliotek og museum
Prosjekt
Lenkjer
  Oppdatert 05/24/2013