Knutepunkt Sogn og Fjordane er eit regionalt kompetansesenter for offentlege
innkjøp som skal rettleie i samband med anbondsprosessar. Dette
kontaktpunktet spring ut frå Handlingspl
an for miljø og samfunnsansvar som regjeringa utarbeida i 2007 der
det vert lagt vekt på at offentlege innkjøp skal ta omsyn til
miljø, etisk handel og universell utforming i alle offentlege
innkjøp. Knutepunktet har altso som hovudfokus å assistere med
innarbeiding av miljø og samfunnsansvar i offentlege innkjøp, men
vi ser og at det trengs generell rettleiing på området, og vil
difor yte dette og.
Med basis i dette har vi i Knutepunkt Sogn og Fjordane laga ein
aktivitetsplan som legg opp til eit utbredd samarbeid med offentlege verksemder
og næringslivet i regionen. Vi ynskjer å auke bruken av
miljø og samfunnsansvar som kriterie og forståinga av korleis dei
skal brukast.
Difor tilbyr vi kurs, seminar og rettleiing, både i relevante verkty
og i miljøspørsmål. Vi har og opparbeida ei eiga nettside
for knutepunktet, der både dei offentleg verksemdene og
næringslivet kan gå inn og finne nyttige lenker, malar og eksempel
som skal gjere innkjøp, og då særleg av den
miljøvenlege sorten enklare.
Om det er andre ting du lurer på eller du treng direkte rettleiing i
ei bestemt sak er du velkomen til å ta direkte kontakt med oss i
Knutepunkt Sogn og Fjordane.