

Bildet: Fylkestinget 1918, i Måløy. Fylkesmann I.E.
Christensen nr. 6 frå venstre i første rekkja.
Vi ønskjer deg velkommen til denne sida som handlar om historia til
Sogn og Fjordane fylke. I samarbeid med Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, vil
vi publisere artiklar som fortel om den snart 250 år lange historia til
det som først var amt og no fylkeseininga Sogn og Fjordane. Vi er stolte
over å kunne melde at vi saman med Finnmark fylkeskommune er først
med å by på historie på heimesida, og bakgrunnen er at 19.
september 2013 fyller Sogn og Fjordane 250 år.
|
Kommandøren i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane
”Den Udvikling vor Dampskibsfart har havt her i Amtet, skyldes for en ikke uvæsentlig Del Kommandør Lous.” Desse orda stod i florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende då Hugo Fredrik Baldun Lous døydde 16. mars 1899. Kommandør Lous var administrerande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå starten i 1858 til 1896. Lous gjekk under namnet Kommandøren. I 1891 vart Kommandøren heidra med namnet på eit nytt skip.
|
|
2011.07.13 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Kong Olav i Sogn og Fjordane - Kronprinsparet sitt besøk i 1933
HM kong Olav V var konge i åra 1957-1991. Som kronprins var han på tre offisielle besøk i Sogn og Fjordane: 1) i 1906 som treåring på kroningsreisa til kong Haakon VII og dronning Maud, 2) i 1933 saman med kronprinsesse Märtha, 3) i 1949.
|
|
2011.07.04 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
1814 Grunnlovsjubileum 2014 - Vengebåten eidsvollmennene frå Bergen reiste med
Året 1814 har stor plass i Noregssoga. Stikkord er: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlovsdagen 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen i Moss, union med Sverige. Viktigast var Grunnlova. – Eidsvoll-møtet i februar fastsette at det skulle veljast utsendingar til ei riksforsamling frå amta (fylka) og militæravdelingane. Den 25. mars la ein vengebåt ut frå Bergen med fem utsendingar som skulle til Eidsvoll.
|
|
2011.06.03 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
1814 Grunnlovsjubileum 2014 - 17. mai-feiring i Førde 1869
Året 1814 har stor plass i Noregssoga. Stikkord er: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, grunnlovsdagen 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen i Moss, union med Sverige. Viktigast var Grunnlova. – Etter kvart vart 17. mai feira som nasjonaldag. I Førde heldt dei 17. mai-fest i 1869.
|
|
2011.05.13 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
1814 Grunnlovsjubileum 2014 - Minnesteinar Sogn og Fjordane
1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet i februar, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss, union med Sverige. - Hundre år etter, i 1914, feira landet grunnlovsjubileum. Mange stader reiste dei minnesteinar.
|
|
2011.04.29 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
1814 Grunnlovsjubileum 2014 - Eidsvollsmennene frå Sogn og Fjordane
1814. Merkeår i Noregssoga med mange avsnitt: Kielfreden, unionen med Danmark oppløyst, notabelmøtet på Eidsvoll, Riksforsamlinga på Eidsvoll, Grunnlova 17. mai, eigen norsk konge (i fem månader), krig med Sverige, konvensjonen på Moss og union med Sverige. – Eidsvoll-møtet i februar fastsette at det skulle veljast utsendingar til ei riksforsamling frå amta (fylka) og militæravdelingane. Sogn og Fjordane hadde fem eidsvollsmenn.
|
|
2011.04.19 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Far etter Bjørgvin-biskopar i Bisparøysi
Frå Dale i Luster går ein gammal ferdselsveg opp Dalsdalen og over til Vigdal. Eit kort stykke før høgaste punktet, Storehaug, ligg Bisparøysi. Her er ein stor stein der det er rissa inn bokstavar og tal. JNB skal stå for biskop Johan Nordahl Brun som i 1806 fór framom denne staden og som seinare skulle få namnet Bisparøysi.
|
|
2011.04.12 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Biskopar i Bjørgvin bispedømme etter Reformasjonen - oversyn
Reformasjonen i Noreg - overgangen frå katolsk til evangelisk-luthersk kyrkje - skjedde ved kongevedtak på ein riksdag i København hausten 1536. Ved kongebrev vart Geble Pederssøn same året utnemnd til å styra Bergen stift (bispedømme). Året etter vart han ordinert til biskop. Biskopen i Bjørgvin år 2008, Ole Danbolt Hagesæther, er nummer 33 i bisperekkja. Oversynet nedanfor er laga med ein artikkel av Karl Martinussen (1948) som hovudkjelde.
|
|
2011.03.25 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Stiftsstøtta på Filefjellet
Vegen frå Bergen til Oslo over Lærdal og Filefjellet var gjennom mange hundre år den viktigaste vegen mellom Vestlandet og Austlandet. Fram til 1793 var dette berre ein rideveg. I 1793 kom ny veg som opna for ferdsle med slede om vinteren og kjerre om sommaren. Ved gamlevegen på grensa mellom Oppland og Sogn og Fjordane står ei marmorstøtte til minne om denne utbetringa.
|
|
2011.03.01 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Minnesmerke over fylkesmann Christensen
Sogn og Fjordane fylke har minnesmerke over to av fylkesmennene sine. Det eine står på grava til fylkesmann Hans Seip i Fjærland. Det andre står på jernbanestasjonen i Flåm, - ei bronsebyste til minne om Ingolf Elster Christensen, fylkesmann i Sogn og Fjordane i åra 1910 - 1929.
|
|
2011.02.10 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke – det første ”Statens Hus”
Våren 2005 flytte Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i det nybygde Statens Hus på Hermansverk. I åra 1939-2007 heldt fylkesmannen til i kommunen sine tinghus attmed kyrkja og andre stader, og før 1939 var fylkesadministrasjonen i eitt av husa i den gamle Fylkesmannsgarden.
|
|
2011.02.03 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Amtmann og prest i nappetak om fattigprotokoll
".. til eegenraadige (..) Amtmand Mons Teistes udødelige æreminde..", står det innført i protokollen for fattigkommisjonen i Leikanger år 1772. Det var soknepresten i Leikanger som skreiv denne heilt eineståande innførsla om amtmann (fylkesmann) Mons Teiste. Dei hadde kort tid i førevegen på det næraste vore i tåttane på kvarandre for open scene om protokollen.
|
|
2011.01.21 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fedrelandssalmen i fylkestinget
Ved opninga av fylkestinget 10. og 11. desember 2007 tok representanten Heidi Kathrin Osland (SV) opp skikken med å opna kvart fylkesting med fedrelandssalmen. Ho ba om at praksisen vert endra. Fleire tok til motmæle. Jostein Kvalsvik (Frp) lova kamp om dette verkeleg skulle bli eit forslag til avrøysting. - Dei trykte fylkestingsforhandlingane seier noko om tradisjonen med song og fedrelandssalmen ved opninga av fylkestinga.
|
|
2011.01.14 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkesmannsgarden på Nybø
Leikanger kommune har tre eldre embetsmannsgardar. Dei ligg mellom Hermansverk og Hanehaug, godt synlege på nedsida av riksvegen, rekna frå aust Fylkesmannsgarden, Skrivargarden og Prestegarden.
|
|
2011.01.07 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Revebjølla - Sogn og Fjordane sin fylkesblom
Sogn og Fjordane fylke har fleire symbol eller kjennemerke. Først kjem fylkesvåpen og fylkesflagg, deretter fylkesblom, fylkesstein og fylkestre. Denne artikkelen handlar om fylkesblomen - revebjølla.
|
|
2010.12.07 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Minnestein over fylkesmann Hans Seip
Hans Seip (1881-1945) var fylkesmann i Sogn og Fjordane frå 1929 til han vart avsett av NS-regimet sommaren 1941. Han flytte då til Fjærland. På nyåret 1945 vart han sjuk og døydde 14. mars. Etter eige ynskje vart han gravlagd i Fjærland. I 1949 reiste fylket ein minnestein på grava hans.
|
|
2010.11.16 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkespolitikar på to minnesteinar - H. U. Sverdrup
I boka" Sogn og Fjordane fylkekommune gjennom 150 år" står presten Harald Ulrik Sverdrup (1813-1891) omtalt som "den fremste fylkespolitikaren i ei årrekkje." Men H.U. Sverdrup var meir. To minnesteinar ber vitnemål om eit menneske som sette varige spor etter seg på eit breitt felt; - minnesteinen på grava hans og Fylkesbaatane-minnesteinen ved Kviknes Hotel i Balestrand.
|
|
2010.11.03 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - historikk
Fylkesmannen si historie er ein del av fylket si historie. Embetet går tilbake til 1763 då dei nordlegaste fogderia i Bergenhus Stifts-amt blei utskilde som eige amt under namnet Nordre Bergenhus amt. Statsarkivet i Bergen har oppbevart eit rikt historisk arkivmateriale frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
|
|
2010.10.27 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke - Fylkesmann Seip si fylkessoge
I 1958 kom fylkesmann Hans Seip si bok Sogn og Fjordane fylke - eit tilskot til kommunalsoga ut. Utgjevinga var ei storhending (men som merkeleg nok fekk lita merksemd). Sogn og Fjordane hadde fått eit viktig "tilskot" til fylket si historie gjennom hundre år, frå 1837 til 1937.
|
|
2010.08.18 av Thor Kristian Sortevik
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke - dei trykte fylkestingsforhandlingane
Fylkeskommunen og fylkestinget vart oppretta ved formannskapslovene av 1837. I mange år kom fylkestinget saman ein gong i året. Møtebok og sakstilfang vart kvart år trykt opp og utgitt i bokform. Dei trykte fylkestings-forhandlingane er i dag ei gullgruve av fylkeshistorie, fylkeskommune-historie og kommunehistorie.
|
|
2010.08.12 av Thor Kristian Sortevik
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke - Møteklubba til fylkestinget
"Til vel gjennomarbeidd og godt avgjord sak, meiner vi der bør vera eit verdig punktum bak." Desse orda stod i fylgjeskrivet frå fire kvinner som i 1957 gav fylkestinget ei ny møteklubbe. "Det var ei vakker formannklubbe laga av trevyrke frå fylkesmannsgarden", skreiv avisa Fjordabladet.
|
|
2010.08.04 av Thor Kristian Sortevik
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke - Årlege fylkesting i fleire dagar
I meir enn hundre år var fylkestinget samansett av ordførarane i landkommunane. Fylkestinget samlast ordinært ein gong i året. Den årlege fylkestinggseta var ei stor og viktig hending i lokalstyringa. Tingsetene var først og fremst eit forum for formell handsaming av sakene på sakskartet. Men dei var mykje meir.
|
|
2010.06.28 av Thor Kristian Sortevik
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke - fylkesvåpenet
Den 23. september 1983 fekk Sogn og Fjordane fylkesvåpenet sitt. Det skjedde ved kongeleg resolusjon, og ordlyden er: På sølv grunn tre blå spissar mot venstre.
|
|
2010.06.16 av Thor Kristian Sortevik
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke - fylkesnamnet
Etter omfattande drøftingar i Odelstinget og Lagtinget i 1918, vart Sogn og Fjordane fastsett som nytt fylkesnamn i staden for det gamle Nordre Bergenhus Amt. Namneendringa vart lovfesta 14. august. Samstundes vart amt til fylke og amtmann til fylkesmann. Geistleg skulle Sogn og Fjordane no høyre til Bjørgvin bispedøme, i staden for det gamle Bergens stift.
|
|
2010.06.07 av Thor Kristian Sortevik
|
Les meir
|
|
Sogn og Fjordane fylke - oppretta i 1763.
Sogn og Fjordane fylke vart oppretta ved Kongeleg Resolusjon av 19. september 1763. Det som i røynda skjedde var at Bergenhus amt, oppretta i 1660, vart delt i to: Nordre Bergenhus amt og Søndre Bergenhus amt. Boka Sogn og Fjordane fylkeskommune gjennom 150 år (1987) har eit kort kapittel om opprettinga.
|
|
2010.06.01 av Thor Kristian Sortevik
|
Les meir
|
|
|
|