Fylkestinget i Sogn og Fjordane

Fylkestinget i Sogn og Fjordane har 39 direkte folkevalde representantar som vert valde kvar fjerde år samstundes som det er val til kommunestyra i dei 26 kommunane i fylket. Fylkestinget i Sogn og Fjordane er samansett slik. Sjå bilete av fylkestinget i Sogn og Fjordane 2011-2015.

Valdagen for kommunestyre- og fylkestingsvalet 2011, som gjeld for valperioden oktober 2011 - oktober 2015, var måndag 12. september 2011. Mandatfordelinga vart slik: Ap 11, Sp 10, Høgre 7, FrP 3, Venstre 3, KrF 3 og SV 2. Du finn oversyn over valde representantar og vararepresentantar her, og oversyn over personrøyster her.

Les møteboka for fylkestingsvalet i 2011 her.

Statleg informasjon
Partiregisteret
Valgloven
Valgportalen

Godkjente listeframlegg til valet i 2011:

AP Arbeidarpartiet
FRP Framstegspartiet
H Høgre
  Kystpartiet
KrF Kristeleg Folkeparti
  Kristent Samlingsparti
MDG Miljøpartiet Dei Grøne
R Raudt
  Samfunnsdemokratane
Sp Senterpartiet
SV Sosialistisk Venstreparti
V Venstre

Les meir om kravet til listeframlegget.

Sogn og Fjordane på Stortinget

Sogn og Fjordane har fem representantar på Stortinget. Fire av desse er distriktsrepresentantar og ein er kommen inn på utjamningsmandat.

Stortingsvalet 2009
Ved stortingsvalet i 2009 vart desse representantane valde:
Distriktsrepresentantar

  • Ingrid Bjørketun Heggø (Ap), Høyanger
  • Liv Signe Navarsete (Sp), Lærdal
  • Åge Starheim (Frp), Selje
  • Tor Bremer (Ap), Hafslo

Utjamningsmandat

  • Bjørn Lødemel (H), Hornindal

Alle resultat for stortingsvalet 2009 i Sogn og Fjordane finn du i fylkesvalsstyret si møtebok.

----------------------------------------------------------------------------- ---

Kontaktinformasjon
Sogn og Fjordane fylkeskommune,
Fylkesutvalsstyret – Fylkeshuset, Askedalen 2, 6863 Leikanger

Knut Henning Grepstad tlf: 57 65 61 18. Mob 958 00 153
Åse Husbø Skilbrei Tlf 57 65 61 83

Valkonferanse for dei kommunale valstyra og valmedarbeidarane
9. mai vart den tradisjonelle valkonferansen avvikla i Førde. Konferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom Fylkesmannen, Fylkesvalstyret og KS.
2011.05.19 av Asbjørn Ness
Les meir
 
Val 2011
  • Val 2011 offs. mindre
Møtebøker og resultat
Nettsider til parti i Sogn og Fjordane
Tidlegare val
  Oppdatert 02/22/2012