Organiseringa i tenesteeiningar er eit resultat
av ønsket om å skilje sterkare mellom drift og strategi på
stabsnivået. Fylkeskommunen har difor valt å skilje ut
følgjande tenester i eigne driftseiningar:
- Bygge- og eigedomstenesta (inkludert vaktmeistertenesta)
- Ikt-tenesta
- Løn- og rekneskapstenesta
- Innkjøpstenesta
- Driftstenesta (serviceressursane arkiv, sentralbord, bibliotek,
trykkeri, reinhald og husservice)
Denne utskiljinga inneber ei større grad
av fristilling for dei driftsrelaterte tenestene. Fylkesrådmannen har
driftsavtalar med driftseiningane.