Fylkesspegel Sogn og Fjordane er ein felles nettstad for løpande
statistikk og kunnskap om utviklinga i fylket. Fylkesspegelen er eit samarbeid
mellom Fylkesmannen, Høgskulen i Sogn og Fjordane, NAV Sogn og Fjordane
og fylkeskommunen.
Det vert i dag, frå ulike instansar i fylket og hjå sentrale
styresmakter/SSB/o.l. produsert ei rekke statistikkar som gjeld utviklinga i
fylket. Vi ønskjer å gjere dette materialet lettare
tilgjengeleg.
Fylkesspegelen skal både konsentrere seg om regionale
problemstillingar, men også legge til rette for analysar av bu og
levekår og utfordringar i kommunane møter. Difor må så
mykje som mogeleg av statistikken brytast ned på kommunenivå, og
dette må gjerast tilgjengeleg.
Etter Plan- og bygningslova skal fylkestinget minst ein gong i valperioden,
og seinast innan eitt år etter konstituering, utarbeide og vedta ein
regional planstrategi. Føremålet med planstrategien er å
setje fokus på kva planoppgåver det er viktig å arbeide med i
fylket.
Fylkesspegelen er ein viktig lekk i dette arbeidet. Den skal sjå
på hovudtrekka i utviklinga i fylket innan viktige område:
folketalsutvikling, flyttingar, bu- og arbeidsområde,
næringsstruktur, nyskaping, landbruk, folkehelse, bu- og levekår,
helse, arbeidsmarknad, kommunal tenesteyting, samferdsle og
miljø/ressursar.