

|
Fjellregionane set auka verdiskaping på dagsorden
Kva kjenneteiknar bygder og fjellområde som lukkast? Korleis mobilisere kompetansearbeidsplassar, og korleis lukkast internasjonalt? Dette er noko av tema for årskonferansen til Fjellregionsamarbeidet. Konferansen vert på Skei Hotel 29.–31. mai.
|
|
2013.05.13 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Presentasjonar ved energi- og miljøkomiteen sitt besøk 29.–30. april
Energi- og miljøkomiteen i Stortinget var 29.–30. april 2013 på besøk i Sogn og Fjordane. Komiteen hadde møte i Florø og på Sandane. Programmet omfatta mange tema innan olje og gass, naturressursar, energi, nasjonalparkforvaltning og rovvilt. Her er alle presentasjonane frå besøket.
|
|
2013.05.15 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Kurs i «Vekstbedrifter»
Korleis bidra til å hjelpe bedrifter med å vekse? Dette kan førstelinjetenesta få kurse seg i 24.mai.
|
|
2013.04.29 av Lisbeth Bringebøen
|
Les meir
|
|
Konferanse – Fysisk aktivitet i barnehage og småskule
Korleis kan born aktiviserast både fagleg og tverrfagleg? Det er tema når fylkeskommunen og Høgskulen i Sogn og Fjordane inviterer til konferansen «Fysisk aktivitet i barnehage og småskule» i Sogndal 7. mai.
|
|
2013.04.29 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Kurs i www.regionalforvaltning.no
Det blir kurs i rapportering og sakshandsamingssystemet www.regionalforvaltning.no (RF13.50) tysdag 11. juni kl. 10-15. Kurset blir på Sunnfjord Hotell i Førde.
|
|
2013.04.24 av Kristin Arnestad
|
Les meir
|
|
Erfaringskonferanse om førebyggande heimebesøk til eldre
Sogn og Fjordane fylkeskommune, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane og Flora kommune inviterer til erfaringskonferanse om førebyggande heimebesøk til eldre på Skei hotell 30. mai.
|
|
2013.03.22 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Lokale plan-, kart- og folkehelsedagar 9.–10. april
Folkehelsedagane er i år samordna med den årlege plankonferansen 9.–10. april 2013. Konferansen vert på Hotel Alexandra i Loen og er arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Geoforum.
|
|
2013.03.22 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Konferanse for å heve statusen for yrkesfaga og fagarbeidaren
Fylkeskommunen iviterar saman med LO og NHO i Sogn og Fjordane til konferanse der statusen til lærlingen, fagarbeidaren og yrkesopplæringa vert sett på dagsorden. Dette er viktig i høve rekruttering av framtidig arbeidskraft i fylket.
|
|
2013.04.11 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Nytt dialogmøte om Regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
Vi inviterer no til det tredje dialogmøtet om den nye regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Møtet vert på Skei Hotell torsdag 11. april. Møt opp, diskuter og bidra med dine synspunkt og innspel.
|
|
2013.03.06 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Kulturfestivalen feirar 25 år med jubileumskonsert og Olav Stedje
Det er i år 25 år sidan Norsk forbund for utviklingshemma og Sogn og Fjordane fylkeskommune arrangerte kulturfestivalen for utviklingshemma for første gong. Det vert feira med jubileumsfestival med opptog, festmiddag og jubileumskonsert i Førdehuset.
|
|
2013.02.28 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Dialogmøte og temaseminar om Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet
Vi arrangerer våren 2013 tre temaseminar og to dialogmøte om Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014–2017. Slik får innbyggjarane i Sogn og Fjordane høve til å kome med innspel til planen. Det første seminaret vert på Sandane 2. mars.
|
|
2013.03.05 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
NHO Sogn og Fjordane inviterer til årskonferanse
Energinasjonen Norge har olje og gass, fornybar kraft og prosessindustri. Kva krevst for å utløyse eit hav av mogelegheiter? Dette er tema som vert diskutert under årskonferansen 20. mars i Nordfjordeid.
|
|
2013.02.25 av Lisbeth Bringebøen
|
Les meir
|
|
Seminar om «sunne hus»
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane arkitektlag inviterer til seminar om energi og miljøvenleg arkitektur. Seminaret vert i Sogndal 6. februar kl.17.00–20.00.
|
|
2013.02.01 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Blilyst på Bulystkonferansen 2013
«Arbeidslyst + bulyst = blilyst». Dette er tema for Bulystkonferansen 2013. Konferansen vert på Skei Hotel 9. og 10. april. Kva skal til for at tilflyttarane blir verande?
|
|
2013.01.28 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Petroleumskonferansen Vekst i Vest - 03. oktober 2013
Vekst i Vest samla 260 engasjerte deltakarar i 2012. Inspirert av oppmøtet og gode tilbakemeldingar, vonar arrangørane at konferansen også i år skal verte eit viktig treffpunkt.
|
|
2013.04.02 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Seminar om massivtre
Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn og Fjordane arkitektlag inviterer til seminar om bruk av massivtre i bustad- og næringsbygg. Seminaret vert på Sogndal vidaregåande skule 22. januar kl. 13.00–18.00.
|
|
2013.01.15 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Miljøseminar for akvakultur 2013
Sogn og Fjordane fylkeskommune har i samarbeid med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og FHL glede av å invitere til miljøseminar i Florø 13. og 14. februar 2013. Seminaret legg vekt på miljøspørsmål knytt til setjefisk og matfiskanlegg.
|
|
2013.01.17 av Lisbeth Bringebøen
|
Les meir
|
|
Nytt dialogmøte om Regional plan – fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
Fylkeskommunen arbeider med å revidere «Regional plan – fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014–2017». No inviterer vi alle med interesser i og for feltet til å kome med innspel i prosessen. Dialogmøtet vert på Skei måndag 3. desember kl. 18.00.
|
|
2012.11.23 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Politikardag 26. november
Måndag 26. november vert det politikardag på Fylkeshuset i Leikanger.
|
|
2012.11.22 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Sjå opptak av klimaseminar
Klimatilpassing og sårbarheit for klimaendringar stod på dagsorden på Fylkeshuset i Leikanger tysdag 20. og onsdag 21. november. Du kan sjå heile seminaret i opptak her.
|
|
2012.11.22 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Danningskonferanse 20. og 21. november
Sogn og Fjordane er eit føregangsfylke ved å ha danning som kjennemerke for kvalitet i vidaregåande opplæring. Danningskonferansen på Sandane 20. og 21. november samlar ei rekkje sentrale personar frå samfunnsliv og utdanning for å snakke om danning i eit moderne samfunn.
|
|
2012.11.20 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Seminar om universelt utforma drosjer
Regelverket og økonomien for universelt utforma drosjer har blitt meir krevjande dei seinare åra. No inviterer fylkesdirektøren for samferdsle politikarar, interesseorganisasjonar, drosjenæringa og offentleg tilsette til seminar om temaet på Rica Sunnfjord Hotel i Førde 21. november.
|
|
2012.11.09 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Rådgjevarkonferansen 2012
Det er 125 påmelde til rådgjevarkonferansen for rådgjevarar i grunnskule og vidaregåande skule på Hotel Alexandra i Loen 6. og 7. november. Blant tema på konferansen er Ny GIV, psykisk helsevern og karriererettleiing.
|
|
2012.11.08 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Konferanse om arbeidsinnvandring
Fylkeskommunen er medarrangør saman med Fylkesmannen når NAV Sogn og Fjordane inviterer til konferanse om arbeidsinnvandring 27.–28. november på Rica Sunnfjord Hotel i Førde.
|
|
2012.11.14 av Lisbeth Bringebøen
|
Les meir
|
|
Historieseminar med dei første glimta frå fylkessoga
Forfattarane legg fram dei første smakebitane av fylkessoga for Sogn og Fjordane under eit historieseminar i Flora 2. november. Historikarane presenterer kva tankar dei har for vegen vidare. Første bind av Flora-historia vert også presentert på seminaret.
|
|
2012.10.22 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Kurs/workshop i å skrive søknadar til Norsk kulturminnefond
Har du planar om å søkje støtte til istandsetjing av kulturminnet ditt? Trenger du råd og rettleiing i arbeidet med søknaden? Sogn og Fjordane fylkeskommune held gratis kurs/workshop i søknadsskriving i Førde måndag 22. oktober.
|
|
2012.10.17 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Viltseminar 2012: Smått, stort og rått
24. og 25. november er det klart for viltseminaret 2012. Tema i år er småvilt, storvilt og rovvilt. Det vert status for store rovdyr i fylket, informasjon om erstatning i rovdyrsaker, innføring i dei nye hjorteforskriftene og mykje meir.
|
|
2012.10.08 av Birthe Johanne Finstad
|
Les meir
|
|
Nyskapande kommunar og lokalsamfunn i sentrum på Nordfjordeid
Konferansen Vestlandsk Vidsyn vert arrangert i Operahuset Nordfjord 24. og 25. oktober. Her vert det eit nærare blikk på nyskapande kommunar og lokalsamfunn på Vestlandet. Friviljug innsats, mobilisering og planarbeid i lokal samfunnsutvikling er stikkorda.
|
|
2012.10.02 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Politikardagen 24. september
På politikardagen vart det halde fellesorienteringar til fylkestinget. Presentasjonane er no lagt ut, og kan lesast her.
|
|
2012.09.25 av Siw Heidi Bäckstrøm
|
Les meir
|
|
Invitasjon: Kurs/workshop i søknadsskriving til Norsk kulturminnefond
Har du planar om å søkje støtte til istandsetjing av ditt kulturminne? Trenger du råd og rettleiing i arbeidet med din søknad? Sogn og Fjordane fylkeskommune held kurs/workshop i søknadsskriving, i samarbeid med Norsk kulturminnefond.
|
|
2012.10.04 av Jenny Ann Aasen Magnusson
|
Les meir
|
|
|
|
Invitasjonar
|
|
Gjennomførte konferansar 2013
|
|
Gjennomførte konferansar 2012
|
|
Gjennomførte konferanser 2011
|
|