

Det internasjonale arbeidet til fylkeskommunen er styrt av den
internasjonale strategien som vart vedteken i 2007. Fylkestinget skal i
løpet av våren 2013 vedta ein ny internasjonal strategi for
fylkeskommunen.
Det internasjonale engasjementet er knytt til fylkeskommunen som
forvaltningsorgan og som leiar av den strategiske samhandlinga med andre
regionale og statlege aktørar
Det internasjonale arbeidet er ikkje ei satsing eller ein eigen sektor. Det
fungerer som ein reiskap for å nå måla som er sette i
fylkesplan og andre fylkeskommunale planar/strategiar. Den internasjonale
strategien gjeld alle sektorane fylkeskommunen har ansvar for.
Det er også eit mål at fylkeskommunen skal lage ein eigen strategi
for partnarskapen. Der vil vi identifisere kva felles utfordringar og
løysingar partnarskapen vil samle seg om når det gjeld det
internasjonale engasjementet.
Gjeldande internasjonale strategi vert styrt av dei ulike rollene
fylkeskommunen spelar:
- Ombodsrolla (politikarrolla og evne til å hevde interessene og
å presentere regionalpolitiske oppgåver på politiske arenaer
regionalt, nasjonalt og internasjonalt)
- Partnarskapsrolla (vere med å koordinere innsatsen i den
regionale partnarskapen)
- Ansvar for eigne tenester (vidaregåande opplæring,
vidaregåande skule, samferdsle, kultur, næring)
No documents found
|
|
|
Ungdom og opplæring
|
|
Strategi og rapport
|
|
Samarbeid
|
|
Nyttige lenkjer
|
|