Sogn og Fjordane fylkeskommune er ein
samarbeidsorganisasjon for løysing av offentlege saker.
Hovudansvarsområda er opplæring, tannhelse, samferdsle, kultur,
næringsutvikling, fylkesvegar, energipolitikk og planlegging.
Mange av oppgåvene blir
gjennomførte gjennom lover og reguleringar, som staten har pålagd
fylkeskommunen. I tillegg tek fylkeskommunen på seg andre viktige
oppgåver, som ikkje er pålagde ved lov eller regulerte av andre
offentlege etatar.
Det viktigaste for fylkeskommunen, er at
den på ein god måte gjennomfører oppgåver som er
viktige for folket i Sogn og Fjordane.
Fylkeskommunen er ein viktig tilbydar av
tenester med eit årleg driftsbudsjett på omlag 2400 mill. kroner og
har meir enn 1500 tilsette. Det tilsvarer 1100 årsverk.
Fylkeskommunen er det øvste
politiske nivået i Sogn og Fjordane, styrt av folk i fylket gjennom dei
politiske organa. Fylkeskommunen er såleis eit verkty både for
folket i Sogn og Fjordane og for Stortinget og regjeringa.