Nytt
fylkesting vart konstituert 26. oktober 2011.
Politiske hovudorgan i fylkeskommunen
Det er folket i Sogn og Fjordane som styrer fylkeskommunen. Det gjer dei ved
å velje sine representantar til fylkestinget. Fylkestinget vel
fylkesordførar, fylkesvaraordførar og fylkesutval, og avgjer
samansetjing av hovudutvala.
Fylkesordføraren
er fylkeskommunen sin fremste politiske og rettslege representant.
Fylkesordføraren er den som til vanleg representerer
fylkeskommunen.
Fylkestinget
er fylkeskommunen sitt øvste organ. Fylkestinget samlast til vanleg fire
gonger i året.
Fylkesutvalet
tilsvarar omlag formannskapet i kommunen. Utvalet møtest som regel ein
gong i månaden.
Hovudutvala
Fylkeskommunen har fire hovudutval med ansvar for kvar sin sektor. Hovudutvala
har delvis avgjerdsrett, delvis rådgjevande funksjon til fylkesutvalet
eller fylkestinget. Dei fire hovudutvala er hovudutval for opplæring,
hovudutval for plan og næring, hovudutval for kultur og hovudutval for
samferdsle.
Fylkesrådmannen
Fylkesrådmannen er leiar for fylkeskommunen sin administrasjon. Han
førebur saker for fylkesting, fylkesutval og hovudutvala, og har elles
tilsyn med heile den fylkeskommunale forvaltninga.
Historikk
Fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå vart skipa ved
formannskapslovene i 1837, samstundes med kommunane. Representantane til
Amtsformannskapet (seinare Fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og
blant representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylket, ein
representant frå kvar kommune.
Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden, og
representasjonen gjenspegla noko meir folketalet i kommunane. Kommunane
måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom
repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere
såkalla sekundærkommune til å bli primærkommune
på line med kommunane. Dette gav seg uttrykk ved direkte val til
Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon.
Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet
(tidlegare Nordre Bergenhus Amt). Som administrativ eining har Sogn og Fjordane
fylke eksistert frå 1763 då Bergenhus Amt vart
delt.