 | Sogn og Fjordane i vinden - utfordringar i kø for innsatsvillig fylke Vindsystema i den nordlege Nordsjøen bør nyttast til å skaffa Europa fornybar energi i periodar der vindmøllene i den sørlege delen av Nordsjøen står stille. Under vindkraftforum 2010 i Måløy gav olje- og energiminister Terje Riis-Johansen vindkrafttilhengjarane i fylket støtte for argumentasjonen om at dei to havområda bør jamstellast i den komande Havenergimeldinga. 2010.03.04 Liv Strømme Les meir |
 | Fem år som ”Trygt lokalsamfunn” Sogn og Fjordane fylkeskommune kan i år markera 5-årsjubileum som ”Trygt lokalsamfunn”. WHO-statusen er resultatet av mange års innsats med skade- og ulukkesførebyggjande arbeid i fylkeskommunen. - Innsatsen har bidrege til å redusera talet på ulukker, seier fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes. 2010.02.25 Liv Strømme Les meir |
 | "Hot spot" for bringebær Omfattande utviklingsarbeid på tvers av fagmiljø har gjort Leikanger og Njøs Frukt og bærsenter til eit nasjonalt senter for innovasjon på bringebær. Stadig fleire bærdyrkarar satsar no på bringebær for konsum i staden for til konservesindustrien. Bøndene har nærast dobla salsinntektene, sjølv om auken i volum har vore beskjeden. 2010.02.15 Liv Strømme Les meir |
 | Høge mål for tannhelsa i fylket Utkastet til strategiplan for tannhelsetenesta for åra 2010 – 2013 legg opp til høg kvalitet på tannhelsa til brukargruppene. Betring av spesialisthelsetenesta på tannhelsefeltet og etablering av eit kompetansesenter, kombinert med omfattande rekrutteringstiltak, må på plass for å kunna leva opp til ambisjonane. Samstundes vert det opna for diskusjon om klinikkstrukturen. 2010.02.10 Liv Strømme Les meir |
 | Etterlysing: lærarar og tannlækjarar Kjenner du ungdom som er under høgare utdanning utanfor fylket? Sogn og Fjordane fylkeskommune vil den komande tiårsperioden ha stort behov for kvalifisert arbeidskraft, særleg lærarar og tannlækjarar. På Framtidsfylket sine karrieremesser i Bergen, Oslo og Trondheim i februar kan dei få vita meir om fordelane med å ha fylkeskommunen som arbeidsgjevar. 2010.01.29 Liv Strømme Les meir |
 | Fylkeskommunen største vegeigar Første januar overtok Sogn og Fjordane fylkeskommune ansvaret for meir enn 1.100 kilometer tidlegare riksveg. Fylkeskommunen er dermed største vegeigaren i fylket. Ansvarsovertakinga vart markert med ei formell avtaleunderteikning på Leikanger 4. januar. 2010.01.09 Liv Strømme Les meir |
 | Rekordbudsjett etter vegmaraton Fylkestinget vedtok nyleg det største og mest omfattande vegbudsjettet i fylkeskommunen sin historie. Med 384 millionar kroner avsett til drift og 541 millionar til investeringar bandlegg Handlingsprogrammet for fylkesvegnettet meir enn halvparten av våre totale økonomiske midlar i 2010. Mannen som drog det heile i land var Knut M. Olsen, leiar for Hovudutval for samferdsle. 2010.01.04 Elianne Eggum Les meir |
 | Budsjettet for 2010 vedteke Nye veganlegg vil utgjera største posten på investeringsbudsjettet til Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2010, med 531 millionar kroner. Samstundes vil det verta investert 252 millionar kroner i bygg og eigedom. Netto driftsbudsjett for året som kjem er på 1,9 milliardar kroner. Dette er hovudtala i budsjettet for 2010 som no er vedteke i Fylkestinget. 2009.12.14 Liv Strømme Les meir |
 | Eit fylke med Ambisjonar Skal du ha action, må du vera der det skjer. Sogn og Fjordane har alltid orientert seg mot omverda. Verksemdene i fylket står for mykje av den nasjonale verdiskapinga og er ein viktig bidragsytar til norsk eksport. Næringslivet i fylket, saman med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Framtidsfylket og InMedia utgjev i desse dagar eit magasin som viser kva jobbmoglegheiter fylket har å by på. 2009.11.05 Liv Strømme Les meir |
 | Vil auka inntektene frå konsesjonskrafta Sogn og Fjordane fylkeskommune bør seia opp avtalen med SFE om forvaltning og sal av konsesjonskraft. Før avtalen om sal av konsesjonskrafta eventuelt vert lyst ut på anbod, bør fylkesrådmannen vurdere andre omsetnadsalternativ, mellom anna å selje tilbake til konsesjonærane. Fylkesutvalet vil deretter ta endeleg stilling til saka. 2009.10.30 Liv Strømme Les meir |
 | Konfliktfri vindkraftutbygging? Sogn og Fjordane har ambisjonar om å verta eit pilotfylke for landbasert vindkraft. Utkastet til fylkesdelsplan skal avklara korleis avveginga mellom utbygging og andre næringsinteresser, friluftsliv, miljø-, landskapsvern og kulturminne skal skje. 2009.10.23 Liv Strømme Les meir |
 | Sju millionar meir til regional utvikling I framlegget til Statsbudsjett for 2010 vert det føreslege å auka løyvingane til regional utvikling i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune med sju millionar kroner, til 98,4 millionar. 2009.10.13 Elianne Eggum Les meir |
 | Meir til kultur Sogn og Fjordane Teater, Førdefestivalen og Opera Nordfjord får til saman 2,1 millionar kroner meir å rutte med til neste år. 2009.10.13 Elianne Eggum Les meir |
 | Reduserte tilskot til rentekompensasjon Sogn og Fjordane får 244 millionar kroner mindre i låneramme innafor rentekompensasjonsordninga dei neste fire åra enn det som er føresett i framlegget til Handlingsprogram for fylkesvegnettet i tida 2010 – 2019. 2009.10.13 Liv Strømme Les meir |
 | Opera Nordfjord Regjeringen foreslår ein auke på 0,5 millioner kroner i tilskotet til Opera Nordfjord, frå 2,4 til 2,9 millionar kroner. 2009.10.13 Elianne Eggum Les meir |
 | Sogn og Fjordane Teater Regjeringen foreslår at tilskotet til Sogn og Fjordane Teater aukast med 1,5 millioner kroner slik at tilskotet for 2010 vil bli i underkant av 15,8 millionar kroner. 2009.10.13 Elianne Eggum Les meir |
 | Musea i Sogn og Fjordane Regjeringen foreslår at tilskotet til Musea i Sogn og Fjordane aukast med 1,5 millioner kroner slik at tilskotet for 2010 vil bli 21,5 millionar kroner. 2009.10.13 Elianne Eggum Les meir |
 | Høgskulen i Sogn og Fjordane Regjeringen foreslår ein bevilgning på 251,5 millioner kroner til Høgskolen i Sogn og Fjordane, av dette knytast om lag 4,8 millioner kroner seg til etablering av nye studieplassar. 2009.10.13 Elianne Eggum Les meir |
 | Fylkeskommunalt eigarskap Fylkeskommunen har eigarskap i 22 aksjeselskap og 3 interkommunale selskap. Samla bokført verdi er på tett oppunder 500 millionar kroner. Utbetaling av utbyte utgjer eit kjærkome bidrag i den årlege budsjettsalderinga. Utkastet til eigarmelding for 2009 trekkjer opp retningslinene for utøvinga av godt eigarskap. 2009.10.09 Liv Strømme Les meir |
 | Søkjelys på klima Reduserte utslepp av klimagassar relatert til både produksjon og forbruk står sentralt i klima- og miljøplanen til fylkeskommunen. Fokuset på tilpassingstiltak til framtidige klimaendringar medverkar til at dokumentet er blitt ein sjeldan heilhetleg plan. 2009.08.17 Liv Strømme Les meir |
 | Berekraftig forsking på lokale ressursar Fornybar energi og reiseliv. Dette er emna Sogn og Fjordane skal greie ut som førebuing til det regionale forskingsfondet. Fondet skal ha til hovudoppgåva å initiera forskingsprosjekt som kan bidra til å sikra ei langsiktig, berekraftig utnytting av lokale og regionale ressursar. 2009.06.30 Liv Strømme Les meir |
 | Pendlarfylke søkjer gul midtstripe Å tilby gode og tenelege samferdsletilbod for dei 107.000 innbyggjarane i fylket er ein av fylkeskommunen sine største utfordringar. Brukarundersøkinga viser at vi klarer å oppfylla publikum sine forventningar til kollektivtransport. Handlingsprogrammet for fylkesvegnettet for 2010 – 2013 vil avgjera kor godt vi skal lukkast med å sikra ein effektiv infrastruktur i alle delar av fylket. 2009.06.24 Liv Strømme Les meir |
 | Kan verkeleggjera store vegprosjekt Både Dalsfjordbrua og Bremanger-sambandet II vil kunna la seg realisera den komande femårsperioden. Finansieringa vil no måtta skje over fylkeskommunen sitt budsjett. 2009.06.05 Elianne Eggum Les meir |
 | Tilrår høgt ambisjonsnivå for nye oppgåver Større handlingsrom og auka ansvar. Forvaltningsreforma gjev fylkestingspolitikarane sjansen til å styrka musklane som utviklingsaktør. Stortinget har ikkje utlevert nokon fasit for korleis fylkeskommunen skal løysa dei nye utfordringane. Tida er inne til å fastsetja ambisjonsnivået. 2009.05.15 Elianne Eggum Les meir |
 | Politikardag 19. mai Politikardagen er ein uformell arena der gruppene i fylkestinget kan drøfta saker før dei kjem opp til formell behandling i folkevalde organ. Samstundes har kommunepolitikarar, næringslivsleiarar og andre innbyggjarar med noko på hjarta høve til å presentera idear, synspunkt og saker dei ønskjer at fylkestinget skal gripa fatt i og gjera noko med. 2009.05.14 Elianne Eggum Les meir |
 | Nye oppgåver til fylkeskommunen Sogn og Fjordane har andre føresetnadar for busetnad og næringsutvikling enn til dømes Oslo eller Finnmark.
Forvaltningsreforma legg opp til at større del av verdiskapinga og samfunnsutviklinga skal vera basert på lokale ressursar og føresetnadar. 2009.05.04 Elianne Eggum Les meir |
|