Fylkestinget har 17. april vedteke å be Samferdsledepartementet om statleg ekstraløyving for å byggje tunnel til Otterdal i Hornindal kommune. Dette vil gje ei fullverdig rassikring av vegen.
Om lag 1,7 km av vegen mellom Otterdal og Grodås vart delvis vaska vekk av orkanen Dagmar i romjula. Fylkestinget utfordrar Samferdsledepartementet til å ta ansvaret for å få på plass ny og rassikker veg. Fylkespolitikarane ber om ei avklaring frå samferdsleministeren innan 1. juni.
Dersom det ikkje vert løyvd statlege midlar til tunnel, vil fylkestinget byggje vegen oppatt til same standard som før utvaskinga. Vegen vert då ikkje rassikra, men sikra mot ny utvasking i framtida. Ein slik ny veg vil vere klar til å takast i bruk hausten 2013. Fram til då held den mellombelse løysinga med båttransport på Hornindalsvatnet fram.
Fylkestinget vedtok dette med 23 mot 15 røyster. Framstegspartiet fremja framlegg om at fylkesrådmannen skal greie ut sak om å leggje ned fv. 664, med eventuell kompensasjon til innbyggjarane i Otterdal. Dette framlegget fekk tre røyster og falt.