Sogn og Fjordane fylkeskommune har i perioden 2006–2011 løyvd over 1,6 millionar kroner til utviklingsarbeid ved Selje kloster. No ber fylkestinget om at det vert laga ein utviklingsavtale mellom Selje kommune, fylkeskommunen og eventuelt andre partar om det vidare arbeidet med klosteret.
Fylkestinget vedtok dette samrøystes 5. juni. Avtalen skal gjelde frå 2013 og skal konkretisere satsingsområde og økonomiske rammer.
Skal utvikle næringsaktivitet
Det er frå 2006 gjennomført omfattande arbeid med murkonservering, avdekking av hellegolv og hellegangar og opprusting av sti og trapp opp til helgenalteret. Det er også gjort ei rekkje skjøtseltiltak for at anlegget ikkje skal gro att. Heile øya og bygningsruinane er også laserskanna. Årleg skjøtsel er viktig for opplevinga av så vel klosteret som andre kulturminne på Selja.
Satsinga på Selja er no på veg inn i ein ny fase. Utviklingstiltaka rettar seg etter kvart i stor grad mot konkret næringsaktivitet og utvikling av reiselivsprodukt.
Grunnlaget for desse skal liggje i verdiane som klosteranlegget, kulturmiljøet og naturarven på Selje og Stadt representerer. Utviklingsavtalen som fylkestinget no vil ha på plass, skal koordinere det vidare arbeidet.
Med i ruinprogrammet til Riksantikvaren
Fylkestinget føreset at satsinga skal arbeidast inn i dei kommunale strategiske stryringsdokumenta. Satsinga må også tilpassast dei økonomiske rammene til fylkeskommune, som økonomiplanen og arbeidet med budsjettet for 2013.
Selje kloster og helgenanlegget har vore med i ruinprogrammet til Riksantikvaren (RA) sidan 2006. Selje kloster vil vere med det vidare arbeidet til RA så lenge ruinprogrammet har tenkt å vare, fram til 2020. Målet er både å ta vare på og gjere anlegga i programmet tilgjengelege for publikum.
Meir på http://www.seljekloster.no/