blank Nils R. Sandal blank
Fylkesordføraren rimeleg bra nøgd med statsbudsjettet
Når vi ser heilskapen i rammene til fylkeskommunen, er statsbudsjettet i samsvar med forventningane vi har hatt for 2010,” seier fylkesordførar Nils R. Sandal i ein kommentar til statsbudsjettet.

- Løyvingane til veg ligg litt under det vi håpa på, og vi må sjå på korleis vi skal løyse den utfordringa dette skaper, legg fylkesordføraren til. Han ser dette som ei av dei utfordringane som krev fleksibilitet i budsjettarbeidet. Arbeidet med det vil gå føre seg fram til fylkestinget tek endeleg avgjer i desember.

- Elles står ein del arbeid att med å avklare detaljar som vi må skaffe oss innsikt i før vi kan dra endelege konklusjonar. Alt i alt er dette eit bra budsjett for fylkeskommunen, seier fylkesordførar Nils R. Sandal.


Publisert av: Elianne Eggum
Dato: 3. november 2011 - kl. 14:37


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 11/27/2014