Styret for fylkesplanprogrammet opplevingsnæringar hadde møte den 6. juni, der dei tildelte kr 1.549 mill kr til 20 prosjekt. Tilskota skal syta for at det vert utvikla gode fellestiltak for utvikling av opplevingsnæringane i fylket.
Det var totalt 55 søknader, og mange av desse var gode. Det var derfor hard kamp om midlane. Programstyret har lagt vekt på at prosjekta som fekk støtte var gode fellestiltak i tråd med utlysingsteksten. Prioriterte satsingsområde var festivalar, arrangement og kulturformidling, kompetansehevande tiltak, marknadstiltak og produktutvikling, og infrastruktur og møteplassar. Det har også vore teke geografiske omsyn, for å få til ei viss fylkesfordeling.
Tabellen viser dei ulike prosjekta og aktørane som fekk midlar frå programmet i 2008.
|
PROSJEKT
|
SØKJAR
|
KR TILSKOT
|
| Norgescup i flugefiske |
Yndestad Feriehus, Fjaler |
20 000
|
| Highcamp Turtagrø |
Fri Flyt & Turtagrø, Luster |
25 000
|
| Tjovura |
Tjovura DA, Jølster |
37 000
|
| Kystkulturmessa |
SF fylkeskommune, KA |
40 000
|
| Fjellfilmfestivalen |
Fri Flyt & Turtagrø, Luster |
50 000
|
| FjordAlpin |
Jølster Skisenter AS |
50 000
|
| Kraftstasjon Måløy |
Kraftstasjonen Måløy AS |
50 000
|
| Kul-tur |
Kultursmia, Norway Adv. |
50 000
|
| Nasjonalt senter for countrymusikk |
Stiftinga Norsk Countrytreff |
50 000
|
| Norsk brefestival |
Jostedal Bygdelag |
50 000
|
| Smak sakte festivalen |
Aurland Natur og Kulturarv |
50 000
|
| Nynorske litteraturdagar |
Aurland kommune |
60 000
|
| Åmot gardsopera |
Åmot Gard, Bygstad |
72 000
|
| Nordfjord vandrefestival |
Reisemål Stryn og Nordfjord |
75 000
|
| Bygdeutvikling høgskulen |
Høgskulen Sogn og Fjordane |
80 000
|
| Bli bygdevert |
Nærøyfjorden Verdsarvpark |
100 000
|
| Opplevingsnæringar i Nordfjord |
Stryn Næringshage |
100 000
|
| Opplev Førdefjorden |
Samarbeidsprosjekt Naustdal |
120 000
|
| Opplev Holmedal |
Holken AS, Holmedal |
170 000
|
| Fjellsportfestivalen |
Fjellsportfestivalen as |
300 000
|
| |
|
1 549 000
|
|
Program for opplevingsnæringar er eitt av fem planprogram og er finansiert av fylkeskommunen.