blank bolgja blaa kultur 250px bølgja blå blank
Høyring planprogram – Regional plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014–2017
Fylkesutvalet vedtok 27. juni å sende planprogrammet for plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet 2014–2017 ut til høyring.

Planprogrammet har ei kort innleiing med bakgrunn og rammer for planarbeidet. I tillegg til å skissere føremål, plantema og planprosessen med organisering og medverknad, er det i planprogrammet også kort skissert alternativ som vert vurderte og behov for utgreiingar og analyse.

Gjennom planarbeidet skal ein utarbeide ein politikk for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og anleggsutvikling for fylket. Politikken skal stimulere til fysisk aktivitet hos innbyggjarane i Sogn og Fjordane. Han skal meisle ut eit tilrettelagt tilbod til alle, med særleg fokus på born og unge. Planen skal medverke til å redusere sosiale skilnader i helse.
 
Folkehelse, universell utforming, miljø, barn og unge skal vere gjennomgåande perspektiv i plandokumentet. Planarbeidet skal trekkje opp politikk og retningsliner for tildeling av spelemidlar til idretts- og friluftslivsanlegg i Sogn og Fjordane.
 
Det skal utarbeidast eit handlingsprogram som skal gje eit oversyn over tiltak for å nå mål, strategiar og retningsliner som er fastlagt i planen.
Høyring av planprogram og vegen vidare
Sogn og Fjordane fylkeskommune ber om at høyringspartane ser spesielt på føremål, avgrensingar og plantema.

Høyringsutkastet til planprogrammet 
Saksprotokoll - fylkesutvalet

Høyringsinnspel og merknadar til framlegget kan sendast elektronisk til postmottak.kultur@sfj.no eller per post til

Sogn og Fjordane fylkeskommune
kulturavdelinga
postboks 173
6801 FØRDE

Høyingsfristen er 1. september 2012 
Høyringsinnspela vil verte handsama og det reviderte planprogrammet vert deretter vedteke og endeleg fastsett av fylkesutvalet.

Fylkeskommunen vil samstundes invitere til eit dialogmøte på Skei tysdag 21. august. Vi kjem attende med nærare informasjon om dette.
 
For meir informasjon
Sissel Lillebø Aarseth
fagkoordinator/kulturutviklar
tlf. 911 52 030 / 57 65 61 00

Publisert av: Sissel Lillebø Aarseth
Dato: 4. juli 2012 - kl. 09:16


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013