blank blank
Presentasjonar frå kurs i sakshandsaming
Onsdag 9. mai arrangerte fylkeskommunen og Innovasjon Norge kurs i sakshandsaming for førstelinetenesta i kommunane. Her finn du presentasjonane frå kurset og andre relevante dokument.


Kurset vert gjennomført som ein del av prosjekt kommunal næringsutvikling, der Innovasjon Norge, fylkeskommunen, fylkesmannen og kommunane jobbar saman for å bli betre på næringsutvikling.

Målet for kurset er å sikre god kvalitet i sakshandsaminga og gjere gjeldande regelverk godt kjent for kommunane. Presentasjonar og andre relevante dokument finn de her:

Agenda for kurset

Presentasjon - rolledeling mellom IN/FK/FM

Notat om rolledeling i finansieringssaker

Presentasjon - retningsliner for regionale utviklingsmidlar og kommunale næringsfond

Presentasjon - innleiing til workshop som inneheld informasjon om:
- Kva ei god innstilling skal innehalde
- EØS-regelverk
- Kva kan vi støtte?
- Utmåling av tilsegn
- Tilsegnsbrev og utbetalingsvilkår

Notat om bagatellmessig støtte

Eksempel på innstillingsmal for kommunane

Det er krav til kommunane som forvaltar kommunale næringsfond om at tilsette skal ha nødvendig kompetanse, det er også krav til sakshandsaming og kunnskap om regelverk. Kurset skal vere ei hjelp for kommunane til å skaffe seg nødvendig kompetanse. Meir informasjon om kommunale næringsfond finn de her.


Publisert av: Kristin Arnestad
Dato: 11. mai 2012 - kl. 12:34


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/24/2013