blank Veitastrond
Fylkestinget bestemde 5. juni at vegen til Veitastrond skal sikrast med lang tunnel ved Bjødnabakken.
blank
Lang tunnel ved Bjødnabakken langs fv. 337 Veitastrondsvegen
Fylkestinget har vedteke at det skal byggjast lang tunnel som rassikring ved Bjødnabakken langs vegen til Veitastrond i Luster kommune. Tunnelen skal byggjast så snart som mogleg.

Fylkestinget følgde tilrådinga frå fylkesutvalet og vedtok dette samrøystes i møtet 5. juni.

I vedtaket om at det skal byggjast lang tunnel, heiter det også at ein kan redusere krav til standard for tunnelen. Dette skal gjerast etter nærare vurdering og vedtak i rette instansar.

Fylkeskommunen følgjer den vedtekne prioriteringslista for rassikringsprosjekta og vil realisere rassikring av Bjødnabakken og Lindeskreda i samanheng. Fylkestinget kjem attende til restfinansiering av Bjødnabakken-prosjektet i budsjett 2013/økonomiplan 2013-2016 og budsjett 2014/økonomiplan 2014-2017.

Fylkestinget ber fylkesutvalet om snarast å klargjere kva moglegheiter som ligg i ei eventuell forskotering frå Luster kommune.


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 5. juni 2012 - kl. 18:00


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013