Har du ein forretningsidé og lyst å starte eiga bedrift? Då kan etablerarkurs vere eit interessant tilbod til deg. Første samling i Nordfjord og i Sogn er på Nordfjord Hotell på Nordfjordeid og Quality Sogndal Hotell torsdag 19. april kl. 17.00.
Kurset består av fire treff der deltakarane også får individuell rådgjeving mellom samlingane. Siste samling er 7.juni.
Kurset startar med at etblereren skal vurdere eigen forretningside, og seg sjølv som gründer. Samling to fokuserer på å velje rett forretningsmodell. Tredje samlinga vert nytta til forretningsplan og budsjett, og fjerde og siste samling er delt mellom løysingsleiing og salgsleiing.
Sjå agenda for etablererkurset her, og utviklingsmodellen som vert nytta her.
Deltakane gründerar er rekrutterte gjennom 1. linja i kommunane, som også har ansvar for oppfølging av etablererane etter at kurset er gjennomført.
Etablererkurset vert gjennomført av Mentor AS i oppdrag frå Sogn og Fjordane fylkeskommune saman med Innovasjon Norge og Fylkesmannen si Landbruksavdeling.
For meir informasjon og påmelding
Pål Dahl – 907 26 095 – Nordfjord
Ronny Mowatt – 971 65 670 – Sogn