blank blank
Fylkeskommunen får større ansvar i nytt næringshageprogram
I samband med det nye næringshageprogrammet som vert fasa inn i 2011, får fylkeskommunen større ansvar for finansiering og oppfølging. – Dette er spennande, men det forpliktar, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

Regjeringa føreslår i statsbudsjettet å auke løyvinga til det nasjonale næringshageprogrammet frå 20 millionar kroner i 2010 til 25 millionar kroner i 2011. Dagens næringshageprogram vert forlenga fram til 30. juni 2011. Auken i løyving skal gå til etablering av et nytt næringshageprogram fra 1. juli 2011.

Samstundes som næringshageprogrammet no vert tilført meir ressursar, vert det også lagt opp til ein reduksjon i talet på næringshagar slik vi kjenner dei i dag. Fylkeskommunen er saman med SIVA i full gang med å vurdere korleis vi skal gjennomføre programmet på beste måte.

– Næringshageprogrammet har vist seg å gi resultat, og difor skal det bli spennande å følgje utviklinga, seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 3. november 2011 - kl. 14:41


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 11/21/2014