blank kraftstasjonen smak av kysten
Kraftstasjonen Restaurant i Måløy vart 25. juni offisielt innlemma i Smak av kysten. F.v: Arne og Rita Andall frå Kraftstasjonen og Alexandra Krage Angell frå Smak av kysten.
blank
600 000 kr til "Smak av kysten"
Programstyret for havbruk og fiskeri har løyvd 600 000 kr til vidareutvikling av prosjektet ”Smak av kysten”. Dette er eit kulinarisk nettverk av spisestadar som har ein vilje og evne til å satse på sjømat.

Programstyret for havbruk og fiskeri er oppretta som ein del av oppfølginga av fylkesplanen. Hovudmålet er auka verdiskaping innan dei marine næringane i fylket, og programstyret har 2,4 millionar til rådvelde til dette arbeidet. Ein million av dette er øyremerkt Vestlandsprogrammet for nye oppdrettsartar.

”Smak av kysten” er eit prosjekt som har vart i tre år, og som i den første fasen har utvikla eit nasjonalt nettverk og eit kompetanseprogram for serveringsbedrifter som har ei spissa satsing på sjømat. Det er stiftelsen Norsk Sjømatsenter som står bak prosjektet.  Målet med vidareutviklinga av prosjektet er å gje ei auka verdiskaping i heile verdikjeda, frå produsent til gjest. ”Smak av kysten” skal også bidra til at Vestlandet vert styrka som ein framtredande og attraktiv sjømat – og reiselivsdestinasjon.

”Smak av kysten” består av 42 utvalde medlemsbedrifter som representerer gode spisestadar i vestlandsfylka og i Oslo, der alle bedriftene må sertifiserast for å bli med i prosjektet. Bedriftene må gjennomgå kurs i bruk av lokale råvarer, og skal ha kontinuerleg fokus på kvalitet. I Sogn og Fjordane er det i alt 9 bedrifter som er sertifiserte, der spisestaden ”Kraftstasjonen” i Måløy foreløpig er den siste i rekkja.

Les meir om "Smak av kysten"

Les meir om program for Havbruk og fiskeri


Publisert av: Bente Sønsthagen
Dato: 6. juli 2010 - kl. 14:51


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Daniel Carocca Montero

  Oppdatert 09/09/2010