Næringslivet i Sogn og Fjordane ser mindre lyst på framtida enn dei gjorde for eit år sida. Særleg er eksportverksemdene uroa over krisesignala i Europa. Dette kjem fram i den nye utgåva av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane som vert presentert i dag.
Følg presentasjonen av Næringsbarometeret direkte. Produksjon og streaming: Kreativ Media UB, Medielinja ved Sogndal vidaregåande skule.
Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane 2012 – rapport.
Fylket får heller ikkje same gevinst av oppturen i oljenæringa som dei to sørlegaste fylka på Vestlandet. Men biletet er langt frå heilsvart. Framleis forventar næringslivet å auke talet på tilsette i året som kjem.
Utsikter for lågare vekst i 2012
Den samla forventningsindeksen, som tek pulsen på næringslivet sine utsikter for 2012, peiker nedover samanlikna med den tilsvarande målinga for eit år sidan. Reduksjonen i forventningar er likevel langt frå så dramatisk som ved inngangen til finanskrisa 3-4 år tilbake. Indeksen ligg framleis langt over botnnivået frå 2009 og 2010.
Store skilnader mellom næringane
Utviklinga sprikar mellom dei ulike næringane og tyder på at uroa i marknaden råkar forskjellig. Nedgangen i forventingar er sterkast for byggjenæringa og transport og engroshandel. Begge desse næringsområda er svært vare for endringar i konjunkturane. Verksemdene i industrien og innanfor finansiell og forretningsmessigtenesteyting er derimot meir optimistiske med tanke på framtida i dag enn dei var for eit år sidan. Dette er begge næringsområde som har vore prega av svake forventingar over fleire år og som no viser teikn på framgang. Når det gjeld varehandel, personleg tenesteyting og reiseliv er endringane marginale.
Størst uro blant eksportørane
Med tanke på utfordringane i den europeiske marknaden, er det ikkje overraskande at det er eksportverksemdene som er mest uroa når det gjeld det komande året. Det er fleire eksportverksemder som ventar nedgang enn vekst i 2012, både når det gjeld investeringar og talet på tilsette. Innafor industrien ventar om lag kvar tredje eksportverksemd at marknadssituasjonen skal bli verre i det komande året. Blant verksemder i heimemarknaden gjeld dette berre rundt tre prosent.
Framleis vekst i sysselsettinga
Verksemdene i Sogn og Fjordane er rimeleg optimistisk når det gjeld utsiktene for sysselsettinga. Rundt 30 prosent av verksemdene forventar å utvide staben det komande året. Om dette slår til, vil sysselsettinga i fylket auke med 2 prosent i det komande året.
I fjor signaliserte verksemdene ein vekst på fire prosent. Dette vart også resultatet. Det er i bransjane finansiell og forretningsmessig tenesteyting og transport og engroshandel at forventingane om auka sysselsetting er størst.
Rekrutteringsproblem
Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er svært låg, og mange verksemder melder framleis om vanskar med å skaffe nok kvalifisert arbeidskraft. Rundt 15 prosent av verksemdene har ledige stillingar på grunn av rekrutteringsproblem. Mangelen er størst når det gjeld fagarbeidarar, men det er òg ei utfordring å rekruttere tilstrekkeleg med høgt utdanna teknisk personell.
Om Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane
Næringsbarometeret byggjer på ei bedriftsundersøking, gjennomført av Asplan Analyse for Næringsbarometeret i november 2011. I tillegg er analysane basert på statistikk og intervju.
Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, NAV, NHO og Sogn og Fjordane fylkeskommune. ideas2evidence står for utarbeiding av publikasjonen i samarbeid med partnarane. Målet med Næringsbarometeret er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar i Sogn og Fjordane.
Kontaktpersonar
Frode Henden, presseansvarleg NAV Sogn og Fjordane, tlf. 918 35 704.
Halvor Flatland, direktør Innovasjon Norge, tlf. 957 81 493.
Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring, Sogn og Fjordane fylkeskommune, tlf. 905 66 623.
Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane, tlf. 905 76 419.
