blank Illustrasjonsfoto sommarfugl
Illustrasjonfoto.(Foto: Asbjørn Ness/Sogn og Fjordane fylkeskommune)
blank
Oppreisingsutvalet fordelte 1,8 millionar kroner
Fire nye søkjarar har fått innvilga søknadane sine om oppreising gjennom den felleskommunale oppreisingsordninga. To søkjarar fekk 300 000 kroner kvar, ein fekk 500 000, og den siste fekk 725 000.

Oppreisingsutvalet hadde møte 23. november og handsama til saman fem søknadar. Ein av søkjarane fekk ikkje innvilga søknaden. Dei fire som får erstatning kjem frå kommunar i Sogn og Nordfjord.

Medrekna desse fire har no 22 personar fått oppreising for omsorgssvikt eller overgrep som skjedde medan dei var under offentleg omsorg. Oppreisingsutvalet har handsama til saman 26 søknadar.

Det har så langt kome inn få søknadar frå personar som har vore plasserte i fosterheimar. Dei fleste sakene har vore plasseringar i institusjon eller ein kombinasjon av fosterheim og institusjon.

– Vi ser at det i hovudsak har kome inn søknadar frå folk som har vore plasserte på institusjon. Vi meiner det er viktig å minne om at også tidlegare fosterbarn kan søkje oppreising dersom dei meiner seg utsette for omsorgssvikt og/eller overgrep, seier leiar for oppreisingsutvalet, Arvid Mellingen.

Oppreisingsordninga.

For meir informasjon, ta kontakt med
Karen Steingildra
konsulent i oppreisingsordninga
telefon: 57 65 61 45
e-post: karen.kristine.steingildra@sfj.no  

Arvid Mellingen
leiar for oppreisingsutvalet
e-post: arvid@advokat-tollefsen.no  

Les òg
Ni søkjarar får til saman 4,9 millionar kroner i oppreising

Tek over ansvaret for sekretariatet for oppreisingsordninga
Oppreisingsutvalet fordelte 3,9 millionar kroner
Får 3,4 millionar i oppreising
Oppreisingsordninga – ein dugnad for å rette opp tidlegare urett
Fylkeskommunen og kommunane saman om ny oppreisingsordning


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 29. november 2011 - kl. 09:16


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013