Dale vidaregåande skule og Hafstad vidaregåande skule set i gang eit nasjonalt pilotprosjekt for å nytte ny teknologi i undervisninga. To skuleklassar får komande skuleår prøve ut komplette læringsbrett.
Desse nettbretta passar truleg betre i skulesamanheng enn Ipad og Android. Målet er å finne ut korleis den aller nyaste datateknologien og godt tilpassa programvare kan gje elevane endå betre læring.
Det komplette nettbrettet
Dei «digitale Innovatørane» Tor Egil Furevikstrand (Dale) og Terje Torsheim (Hafstad) har samarbeidd om prosjektet sidan februar i år. Dei presenterer det nasjonalt på Nasjonal konferanse om bruk av IKT i utdanning og læring (NKUL) i Trondheim onsdag 9. mai. Nettbrettprosjektet er det einaste prosjektet i Noreg på Windows-plattform, og presentasjonen hausta både begeistring og applaus.
Både internasjonale, nasjonale og lokale samarbeidspartnarar er med i prosjektet, noko som er avgjerande for å kunne realisere prosjektet. Samarbeidet inkluderer store internasjonale aktørar som Microsoft og Samsung, dei største lærebokforlaga (Gyldendal, Aschehoug, NDLA) og lokalt næringsliv (mellom andre Sunnfjord Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane og Enivest).
Fylkeskommunen og leiinga på dei to skulane står bak prosjektet. Samarbeidspartane tek samfunnsrolla på alvor, og er samde om at det er svært viktig å investere i ungdom ved å gje dei best mogleg opplæring.
Prosjektleiarane har laga eigen blogg med meir informasjon om prosjektet: http://detkomplettenettbrett.wordpress.com/
Kontaktpersonar
Tor Egil Furevikstrand
digital innovatør, Dale vidaregåande skule
tlf. 918 10 554
e-post: tor.egil.furevikstrand@sfj.no
Terje Torsheim
digital innovatør, Hafstad vidaregåande skule
tlf. 922 38 129
e-post: terje.torsheim@sfj.no
Sture Førre
Rådgjevar, Sogn og Fjordane fylkeskommune
tlf. 415 06 686
e-post: sture.forre@sfj.no
Gro Fivelstad
rektor, Dale vidaregåande skule
tlf. 901 49 611
e-post: gro.fivelstad@sfj.no
Grethe Øren
rektor, Hafstad vidaregåande skule
tlf. 92258668
e-post: grethe.oren@sfj.no