blank blank
Sju millionar meir til regional utvikling
I framlegget til Statsbudsjett for 2010 vert det føreslege å auka løyvingane til regional utvikling i regi av Sogn og Fjordane fylkeskommune med sju millionar kroner, til 98,4 millionar.
Summen inkluderer satsingar på:
- Ny Vekst                                                     6 millionar
- Omstilling                                                     9 millionar
- Kommunale næringsfond                               14,5 millionar
 
Ny Vekst
Størst prosentvis auke vert det i budsjettposten avsett til Ny Vekst, som får ein auke på nærare 50 prosent.  NyVekst er ei ordning som skal gje fleire og større vekstbedrifter i distrikta. Midlane vert fordelt frå fylkeskommunane til Innovasjon Norge som forvaltar ordninga. Frå ordninga vart innført i 2008 og fram til no er 4 bedrifter i Sogn og Fjordane blitt NyVekst bedrifter.
 
Positiv utvikling
- Statsbudsjettet syner ei positiv utvikling i vår favør. Sett i samanhang med den auka satsinga gjennom Innovasjon Norge, vil det regionale utviklingsarbeidet i fylket verta styrka, seier ein nøgd assisterande fylkesdirektør Endre Høgalmen.

Publisert av: Elianne Eggum
Dato: 3. november 2011 - kl. 14:37


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/22/2013