blank Kultur og eldre
Bilete frå Førde Seniorkor
blank
Forskingsdag om kultur og helse på Førde Helsetun / undervisningssjukeheim
Mandag 21. september vart det arrangert forskingsdag på Førde Helsetun om prosjektet Kultur og eldre – eit prosjekt om heilskapstenking for betre helse. Forskingsdagen er ein del av dei nasjonale forskingsdagane. Sogn og Fjordane fylkeskommune sitt fylkessenter for musikkterapi hadde ein sentral rolle.

Dagen starta med Førde Seniorkor si øving. Seniorkoret hadde oppstart i 2007 og er ein del av Kultur og eldre-prosjektet. Koret er for dei over 60 og har i dag 70 medlemmar. Det har vorte laga ein kortfilm om koret, av mediaelevar frå Mo og Jølster Vidaregåaande skule, som vart vist denne dagen. Filmen fokuserer på ulike helseaspekt ved det å synge i kor, og inkluderer klipp frå korøving og intervju med songarar, dirigent og andre involverte.

Etter korøvinga vart sjølve prosjektet presentert av musikkterapeut Jorunn Bakke Nydal og fagkoordinator v/undervisningssjukeheimen Kari Valle. Førde kommune er ansvarleg for prosjektet. Høgskulen i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune v/fylkessenter for musikkterapi er samarbeidspartnarar. Prosjektet berører fleire nivå i omsorgstenking i eldreomsorg; individnivå, avdelingsnivå og institusjonsnivå. Konkret skal prosjektet tilby ulike formar for kultur i omsorgstilbodet på alle desse nivåa. Gruppa og einskildindividet skal få kulturelle tilbod som er tilpassa ynskjer og behov. Hovudformålet er eit heilskapsfokusert pleietilbod, der sosiale og emosjonelle behov er inkludert ved sidan av det medisinske. Deretter opptredde Førde Helsetun sitt Tilsettekoret. Koret starta opp for nokre månader sidan. I dag består koret av 25 songarar.

Så er tida komen til å presentere eit av forskingsprosjekta, knytt til Kultur og eldreprosjektet. Aud-Berit Fossøy, lektor ved Høgskulen i Sogn og Fjrodane, arbeider på eit studie der ho evaluerer prosjektet, og ser på helsegevinst av kulturelt engasjement; spesielt fokusert på kordeltaking. Ho set blant anna spørsmålsteikn med kva helse er og korleis ein utviklar god helse. Etter dette teoretiske bidraget, får vi ein smakebit av det musikalske tilbodet i prosjektet. Fylkesmusikarane Helga og Jacob Wyrtz spelar fløyte og gitar, og fortel dessutan litt om korleis dei arbeidar med prosjektet – blant anna kan bebuarar på Helsetunet kome med musikalske ynsker som fylkesmusikarane så øvar på og framførar veka etter.

Dagen vert avslutta med at prosjektansvarleg for Ål undervisningssjukeheim i Ål kommune,  Borghild Ulshagen presenterer prosjektet ”Tettare på”, som handlar om korleis undervisningssjukeheimen i Ål nærmar seg meir individ-og behovsbasert pleie og omsorg. Her er det fokusert på grundig oppfølging av den enkelte pasient parallelt med kompetanseoppgradering for dei tilsette. Resultatet er spesielt positivt i heimetenesta.

 


Publisert av: Jorunn Bakke Nydal
Dato: 24. september 2009 - kl. 13:05


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Bjørn Birger Bremer
Teknisk ansvarleg: Daniel Carocca Montero

  Oppdatert 07/29/2010