Førstkomande helg er igjen tid for landsmønstringa i Ungdomens kulturmønstring (UKM). 20 unge kulturutøvarar frå Sogn og Fjordane set kursen mot Trondheim fredag 22. juni. Dei er klare for å representere fylket og for å få ei oppleving for livet.
Ungdomane frå Sogn og Fjordane er i godt selskap. Heile 500 av dei dyktigaste, unge kulturutøvarane i landet møtest i Trondheim i helga. Saman med 50 internasjonale gjester skal dei fylle trønderhovudstaden med kreativt mangfald.
Festivalen varer frå 23. til 25. juni.
Springbrett for vidare karriere
Dei 20 som deltek frå Sogn og Fjordane vart plukka ut blant dei 300 som deltok på fylkesmønstringa på Eid i april. Det er musikarar, dansarar, filmskaparar og andre kunstnarar.
Oversikt over deltakarane frå Sogn og Fjordane.
For mange kjende utøvarar har UKM-festivalen vore eit springbrett på veg til profesjonell karriere. Roger Allan Ivin, Ingrid Bolsø Berdal og Eva Weel Skram frå Eva & The Heartmaker er nokre av dei som i ung alder fekk sjansen til å vise seg fram i UKM.
Workshops med artistar og kunstnarar
Deltakarane får høve til å opptre og vise fram kunsten sin for eit stort publikum. Dei har også sjansen til å suge til seg inspirasjon og fagleg påfyll gjennom workshops der profilerte artistar og kunstnarar kjem med tips og råd.
Blant kurshaldarane finn vi artisten Moddi, Hallvard Witzøe (mannen bak Oscar-nominerte «Tuba Atlantic»), produsent Thomas Henriksen, skodespelar Marianne Meløy, hiphop-veteran Trond Wiger og gitarist Magnus Børmark.
Vertskapet for festivalen er konsertscenene Olavshallen, Studentersamfundet, Dokkhuset og Rockheim, samt Nova kinosenter og utandørs langs kaférekka Solsiden. Alle arrangementa er opne for publikum.
Meir informasjon og program for festivalen på nettsidene til UKM.
For mer informasjon og tilrettelegging for intervju og avtalar, ta kontakt med
Herman Ekle Lund
pressekontakt
tlf. 909 27 653
e-post: herman@ukm.no
Torstein Siegel
dagleg leiar UKM Norge
tlf. 907 55 685
e-post: torstein@ukm.no