blank Ola Borten Moe
Olje- og energiminister Ola Borten Moe kjem til Florø og oljekonferansen Vekst i Vest 25. september. (Foto: Berit Roald/Scanpix)
blank
Vekst i Vest i Florø 25. september
Olje- og energiminister Ola Borten Moe blir hovudtrekkplasteret på årets oljekonferanse Vekst i Vest. Konferansen blir arrangert 25. september i Flora Samfunnshus.

I tillegg til innlegget til olje- og energiministeren blir det presentasjonar frå Oljedirektoratet, BG Norge, GDF SUEZ og Statoil. Vidare vert det innlegg frå leverandørbedrifter som ser moglegheiter innan petroleumsverksemda med utgangspunkt i Sogn og Fjordane.

Viktig treffpunkt for næringa
Vekst i vest-konferansen vert arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Flora kommune, Flora Industri- og Næringsforening og Norsk Petroleumsforening avd. Sogn og Fjordane. Fram Flora, BG Norge, GDF SUEZ og Statoil er samarbeidspartar.

I fjor samla Vekst i Vest 140 deltakarar. Det er stor aktivitet og optimisme i næringa. Arrangørane trur difor at deltakinga i år vil nå nye høgder, og at konferansen vert eit treffpunkt der det er viktig å vere til stades.

Håpar på inspirasjon til nye initiativ
Ideen om å satse på utvikling av eit subsea-bachelorstudium i Florø vart sådd under Vekst i Vest i 2011. Status for dette arbeidet vert presentert på konferansen i år.

Arrangørane håpar at programmet også i år vil gje inspirasjon til nye initiativ som vil styrkje petroleumsmiljøet i fylket.

Det vert også tilbod om konferansemiddag kvelden før – måndag 24. september. Programmet vert presentert i detalj når dette ligg endeleg føre.

For meir informasjon
Audun Erik Sunde
e-post: audun.erik.sunde@sfj.no  
tlf. 57 63 79 40 / 916 45 874


Publisert av: Birthe Johanne Finstad
Dato: 2. juli 2012 - kl. 17:22


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 05/16/2013