blank blank
Statsbudsjettet 2011 løyser ut ekstra midlar til kultur
I framlegget til statsbudsjett vil regjeringa auke løyvingane til fleire kulturtiltak i fylket. Ei rekke av desse framlegga vil føre til at det også vert ein auke i dei kommunale og fylkeskommunale løyvingane.

Kulturavdelinga i fylkeskommunen har gjort ei oppdatering på kva framlegget til statsbudsjettet løyser ut av slike løyvingar til kultur.

Statsbudsjettet løyser ut fylkeskommunale midlar til kulturaktivitet i Sogn og Fjordane med om lag 0,5 mill kroner (opera, folkemusikk og teater). I tillegg kjem også noko auke frå vertskommunane Førde (kr 157 000) og Eid (kr 10 000).

Auken i det statlege tilskotet til musea i Sogn og Fjordane fører til ein auke i lokalt og regionalt tilskot med om lag 1,1 mill kroner samla sett. Noko av denne auken vil også komme gjennom dei kommunale driftstilskota.

Teater, festivalar opera og museum
På bakgrunn av staten si løyving for 2011 på kr 16 250 000 til Sogn og Fjordane teater, vil det vere trong for å justere den fylkeskommunale løyvinga til kr 5 223 000; ein auke på om lag kr 157 000.

Staten si løyving for 2011 på kr 4 756 000 til Førdefestivalen, gjer at det vert trong for å justere den fylkeskommunale løyvinga til kr 2 379 000; ein auke på kr 314 000.

Staten si løyving for 2011 på kr 2 981 000 til Opera Nordfjord , skaper trong for å justere den fylkeskommunale løyvinga til kr 958 000; ein auke på kr 29 000.

Staten si løyving for 2011 på kr 23 168 000 til musea i Sogn og Fjordane skaper trong for å justere den lokale og regionale løyvinga med om lag 1,1 mill kr. Noko av denne auken vil ligge i dei kommunale løyvingane til musea, medan ein del av auken vil måtte komme over det fylkeskommunale budsjettet.

Andre tilskot
Den Norske bokbyen i Fjærland får eit statleg tilskot på kr 333 000, ein auke på kr 10 000 frå 2010.

Nordisk kunstnarsenter på Dalsåsen (Fjaler) får eit statleg tilskot på kr 2 792 000, ein auke på kr 84 000 frå 2010.


Publisert av: Asbjørn Ness
Dato: 3. november 2011 - kl. 14:44


Skriv ut


Tilbake

Sogn og Fjordane fylkeskommune, Askedalen 2, 6863 Leikanger, Tlf: 57 65 61 00
Ansvarleg redaktør: Ingvild Ramstad
Teknisk ansvarleg: Stein Helge Hellebø

  Oppdatert 12/19/2014